MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Er dette dialog? (3.6.05, 11:36)

Dette skulle vere ein gladsak om ein israelsk diplomat og ein palestinar tilsett ved NTNU som snakka ordentleg saman. Det vart ikkje slik.

Klokka fire på ettermiddagen, ein time etter at intervjuet vart avslutta ringer mobilen, og Bassam Hussein er på tråden. Bassam Hussein, palestinar og norsk statsborgar, førsteamanuensis ved Institutt for kvalitets- og produksjonsdesign, ringer, for å seie dette:

- Eg vil ikkje at du skal bruke bilete kor den israelske diplomaten og eg er med på same foto.

Vi talar saman om dette ei stund. Enden på visa er denne: Hussein er ikkje komfortabel med å stå saman med representanten for den israelske statsmakta på same foto. Han ville ikkje seie det då eg tok bileta, men nå seier han det.

Dialog?

PALESTINAR: Bassam Hussein.
David og Goliat
To timar tidlegare går eg inn på møterom David, Infoavdelinga. Det andre møterommet heiter Goliat. Det er stort. David er lite, passeleg for samtalen som ligg framføre. Då eg opnar døra, ser eg palestinaren skjenke i kaffikoppen til israelaren.

Bra start.

Bakgrunnen er denne: Ein israelar frå det statlege israelske universitetet Ben Gurion vart invitert av NTNU for å halde foredrag ved det årlege seminaret til Ekspertar i Team. Hussein skreiv innlegg her i Universitetsavisa kor han argumenterte for at invitasjonen burde bli trekt attende.

Han grunngjev det slik: Staten Israel er ein apartheidstat, og driv sterk undertrykking av palestinarane, nå sist uttrykt med ein mur som går gjennom palestinske bustadsområde. Muren er sterkt fordømd av det internasjonale samfunn. Ben Gurion-universitet har ikkje teke avstand frå politikken som mellom anna tek i frå palestinske studentar retten til utdanning. Derfor bør ikkje NTNU ha noko offisielt samkvem med dette universitetet, og EiT-invitasjonen burde bli trekt attende, meiner Hussein.

ISRAELAR: Zeev Boker.
Så dukkar Zeev Boker opp i Trondheim, han er her for å opne ei kunstutstilling. Boker er konstituert nestkommanderande ved den israelske ambassaden. Ambassaden tek kontakt for å høyre om Universitetsavisa er interessert i eit intervju.

Nokon einetale er ikkje så interessant, men kanskje kan Bassam og diplomaten møtast til ein samtale. Kanskje kan vi gje eit lite ”Trondheimsbidrag” til løysing av konflikten?

Dialog.

Ein høvisk samtale
Eg startar opptakaren, stiller første spørsmål, som er retta til Hussein, kor eg ber han forklare standpunktet sitt. Etter det seier eg omtrent ikkje noko på tjue minutt. Hussein og Boker diskuterer på høvisk visk – dei er sterkt usamde, men dei omtalar kvarandre med respekt. Boker, som er utdanna statsvitar, omtalar Hussein som ”my collegaue” medan Hussein på si side presiserer at han ikkje har noko personleg mot den israelske diplomaten.

Såleis samtalar israelaren og palestinaren om verdien av å snakke saman: Boker viser til forfattar Amos Oz, og om kor viktig det er at ein fører dialog – utan omsyn til kor ille situasjonen er.

Til dette svarar Hussein at dialogen mellom palestinar og israelar vil alltid vere dialogen mellom okkupert og okkupant. ”Vi kan snakke saman, men du vil alltid vere herre medan vi er slavar.”

Slik held diskusjonen fram. Dei to er innom Muren, israelaren nemner palestinske sjølvmordsbombarar, palestinaren nemner diskriminering av palestinarar. Vi har høyrt argumenta hundre gonger før.

Men: Det ser ut som ein dialog.

PALESTINAR: Bassam Hussein.
Drepne studentar
Sidan Boker nemner Oz, viser eg til kva den israelske forfattaren sa i talen sin under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer nyleg: Oz meinte at den israelskbygde muren som skal skilje dei to folka er naudsynleg – men den treng ikkje gå tvers igjennom husa og eigedommane til palestinarane.

Boker svarar at israelsk høgsterett har handsama ein del klager på dette, og ved nokre høve endra murens trasé. Til dette repliserer Hussein at ”dette er Israels høgsterett, det er okkupantens høgsterett, den er ikkje vår høgsterett.”

Så fortel Boker om ein sjølvmordsbombing i fjor kor 21 israelske studentar døydde. Hussein smell tilbake med å vise til at gjennom same tida er 700 palestinske studentar og 49 lærarar vorten drepen.

På dette tidspunktet er Hussein oppøst, medan Boker er vorten endå stillare i målet.

ISRAELAR: Zeev Boker.
Revers
Eg spør Hussein om det ikkje er litt paradoksalt at han aksepterer ein invitasjon til å diskutere med ein representant for den israelske staten - samstundes som han ikkje vil at ein israelsk akademikar frå eit statleg israelsk universitet skal få komme hit og snakke fag.

Hussein svarar at han ikkje ville vore imot å invitere akademikarar frå statlege israelske universitet dersom det var denne konflikten som var temaet for konferansen.

Boker repliserer med å vise til at ein fredsprosess framleis held fram, og at målet er to statar, ein palestinsk og ein israelsk, og at sidan ein er ”on speaking terms” så er dette med boikott eit verkemiddel som har gått ut på dato.

Til slutt spør eg begge om denne trua på at bare ein snakkar saman så vert det fred - om det er ein naiv, særnorsk tru. Begge gjev høflege svar.

Så går vi ut og eg tek bilete medan dei to held fram med dialogen. Ein time seinare ringer telefonen.

Dialog? Mon det.

Tekst og foto: Tore Oksholen