LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Teknologiformidling, lærarutdanning og Kindereggønske
(15.6.05, 21:38)
Trond Andresen skriv i Universitetsavisa den 15. juni at
"..den høye leve- og livsstandarden i Norge er fullstendig avhengig av at vi har tilstrekkelig med høyt kompetente personer som jobber med teknologi. Det er derfor nødvendig å påvirke [.] ungdommene til [.] å velge teknologiutdanning. En måte er [.] å få flere lærere av denne sorten inn i skolen."
Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv. Gode lærarar innan området teknologi og naturvitskap er ein føresetnad for å få skuleelevar meir interesserte i desse faga. Rekrutteringa til utdanning av lærarar innan realfaga svikta over lengre tid. Noko av årsaka kan ligge i at industrien sikra seg talenta som tidlegare vart fysikk-, kjemi- og matematikklektorar i gymnaset. Men årsaka til sviktande interesse for realfag kan også ligge i måten faga vert behandla på i skulen. Dette veit vi for lite om. Men det vi veit, er at entusiastiske og fagkompetente lærarar er ein føresetnad for å skape entusiasme og lærelyst hos elevane. Vi veit også at det å utdanne lærarar dreier seg om langt meir enn å utvikle evnen til å formidle fagstoff.
Dei siste par åra har vi kunna registrere ein gledeleg auke i rekrutteringa av realistar og teknologar til lærarutdanninga ved NTNU. Fleire kandidatar med bakgrunn frå teknologimiljøet på Gløshaugen har tatt lærarutdanning, og med godt resultat. Det er mogleg at Andresen har rett når han seier at
"Det er (dessverre) i noen grad slik at "lærer" blant mange siv.ing-studenter betraktes som en litt mindreverdig "siste utvei" på arbeidsmarkedet hvis man ikke får noe annet."
Eg har ikkje merka noko til den haldninga blant dei Gløshaugen-kandidatane eg har møtt. Snarare tvert imot! Men som eit botemiddel foreslår Andresen å legge både lærar- og journalistutdanning inn i det femårige løpet som sivilingeniørane vanlegvis fylgjer, og dermed gi kompetanse både som sivilingeniør, lærar og teknologijournalist. Målet er godt nok, for Andresen meiner at
"Ved å modifisere "sivilingeniør og lærer" til "sivilingeniør og teknologiformidler", dvs. også å omfatte tilstrekkelig med journalistikk, blir dette alternativet mye mer tiltrekkende."
Botemidlet han foreslår trur eg likevel vil vera eit bomskot. For det eine trur eg vi skal unngå å gi lærarkompetanse til kandidatar som ser på læraryrket som ein siste mindreverdig utveg. Yrket krev både entusiasme og ekte interesse for å arbeide med menneske. For det andre undrast eg på kor mykje ein kan skjera bort av fagutdanninga for sivilingeniørar og erstatta det med pedagogikk, fagdidaktikk og journalistikk før det går på ingeniørkompetansen laus. For det tredje meiner eg vi skal unngå å forveksle omgrepa "lærar" og "formidlar". Uttrykket formidling er basert på bestemte perspektiv på læring og kunnskap som i skulesamanheng er utilstrekkeleg. For det fjerde: vi bør ha så stor respekt for journalistutdanninga at vi ikkje gjer det til ein parentes i sivilingeniørstudiet.
Ønsket om tre profesjonsutdanningar i ei går ikkje det, for å assosiere til Kinderegg-reklamen. Heller ikkje kan vi rekne med ei snarleg kloning av Ingvild Stedøy og Nils Kristian Rossing. Men ideen om å utdanne teknologijournalistar krev støtte. Kva med eit tverrfakultært studieprogram der mediestudentar får ta teknologifag, med utsikter til ein mastergrad i teknologiformidling?
Ove Kr. Haugaløkken |