LESERBREV Jardar Eggesbø Abrahamsen: Keisaren er naken
(20.6.05, 15:07) Ein nyleg innleggsskrivar snakka om «de konservative romantikere som helst ser at NTNU faktisk uttales NTH». Framleis etter ti år finst det altså folk som prøver å stempla publikum, når problemet openbert ligg i at produktet har eit namn med liten publikumsappell, både eksternt og internt.
Skal me halda oss til sjangeren, kan me òg introdusera nemninga «historielause nikkedokker», men eg trur ikkje slike karakteristikkar er særleg nyttige.
Me veit alle at namnet NTNU er misvisande: Universitetet skal, trass i ein noko udefinert «teknisk-naturvitskapleg hovudprofil», etter stortingsvedtaket ha «et bredt fagtilbud innen teknologiske og naturvitenskapelige fag, humanistiske fag, samfunnsvitenskap og medisin, som gir rom både for grunnforskning og utdanning innen disse disipliner».
Me veit alle at den faktiske situasjonen stort sett er i samsvar med dette vedtaket, noko som òg kjem til uttrykk i fordelinga av studentane på dei ulike studia. Det kjem òg til uttrykk i dei stendige forsikringane på konferansar og annanstads om at jau då, det er eit skikkeleg universitet, det er berre namnet som er litt rart. Det siste no er at ein har funne det naudsynt å presisera i samband ned namnet at me er eit «skapande universitet». Jamvel internt ved universitetet har det til tider vore naudsynt å koma med slike forsikringar om kva namnet ikkje skal tyda, underforstått at namnet er misvisande.
Me veit òg at namnet «Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet» er vanskelegare å handtera språkleg sett i ein praktisk kommunikasjonssituasjon enn både «Noregs tekniske høgskole» og «Universitetet i Trondheim».
Alle veit me også at namnet NTNU vart vedteke som eit ikkje-utgreidd hastverkskompromiss i ein politisk hestehandel som ingen ville ha.
Når noko er både vanskeleg, udefinert, uønskt og misvisande, er det ikkje rart at det er problematisk å profilera det på ein eintydig måte. Og då gjer me som keisaren: Når publikum (eksternt og internt) peiker på at kleda manglar, marsjerer me berre like stolt vidare, og lèt att både augo og øyro, medan munnen sit fast i 1995 og sutrar så trøystande: «konservative romantikarar, lat oss låst som om det er publikum som tek feil».
Lat oss slutta å sutra over publikum. Lat oss heller vera framtidsretta, og taka det inn over oss at det er namnet på produktet som er feil, utan å sutra over at publikum dei siste ti åra har stussa både over nakenskapen og over dei stolte reaksjonane frå keisaren.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |