MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Ove Kr. Haugaløkken: Sivilingeniør og lærar, eller sivilingeniør og formidlar? (20.6.05, 15:37)

Eg ser ingen grunn til å polemisere med Trond Andresen, som eg oppfattar som både kreativ og konstruktiv. Men i høve til ideen om å modifisere "sivilingeniør og lærer" til "sivilingeniør og teknologiformidler" meiner eg han burde vore meir kritisk, om vi skal halde oss til dei tre kjernebegrepa frå NTNU sin strategi fram mot 2010.

Eg deler Andresen si bekymring for manglande teknologiinteresse blant ungdom, og eg er samd i NTNU har gode føresetnader for å bidra med utdanning av fleire teknologijournalistar. Samstundes må det seiast at NTNU har gjort ein stor innsats både når det gjeld grunn- og etterutdanning av lærarar til dette feltet. NTNU har også gitt betydelege bidrag til teknologiformidlinga både i TV og i aviser, og ikkje minst gjennom Vitensenteret.

Det er heller ikkje noko å seia på søkartalet til lærarutdanninga ved NTNU. NTNU er i dag den nest største lærarutdanningsinstitusjonen i landet. Vi er den fremste leverandøren av teknologi- og realfaglærarar til norsk skule. Denne våren uteksaminerte NTNU totalt 220 adjunktar og lektorar til skuleverket, med kompetanse til å undervise frå 5. klasse i grunnskulen til og med vidaregåande skule. Av desse hadde 30 av kandidatane bakgrunn frå sivilingeniørutdanninga på Gløshaugen. 13 kandidatar hadde annan realfagleg bakgrunn. Totalt bidro NTNU i vår med 43 høgt kvalifiserte realfaglærarar til norsk skule. Til neste studieår har lærarutdanninga ved NTNU over 750 søkjarar på fulltids- og deltidsstudiet. Av desse er 85 ferdig utdanna sivilingeniørar.

Vi har altså god tilgang på søkjarar. Når vi må setja grenser for opptaket, har det delvis samanheng med at profesjonsutdanninga for lærarar er avhengig av individuell oppfølging og relevant praksis. Annan praksis enn undervisningspraksis i skulen vil ikkje gi kompetanse for lærarstilling i skulen. Og det er her Andresen finn bakgrunnen for at eg meiner ideen hans kan truge kvaliteten. I det første innlegget sitt ønskte han å erstatte ordet lærar med ordet formidlar. Det er fagleg sett svært uheldig. I det andre innlegget tar han til orde for at studentane på det integrerte sivilingeniør og teknologiformidlarprogrammet skal lage ein videoproduksjon om eit populærvitskapeleg tema. Det kan sikkert vera ein god ide, men eg vil ikkje tilrå at dette skal føre fram til lærarkompetanse. Vi skal i det heile vera forsiktige med å gi lærarkompetanse til personar som ikkje har gjennomgått ei fullverdig lærarutdanning. Det vil gå på truverdet laus, og slå tilbake på oss sjølve som seriøs aktør.

Nyutdanning av lærarar er likevel berre eitt blant fleire botemiddel mot sviktande teknologiinteresse hos ungdom. Vi bør også engasjere oss i å auke kompetansen hos dei lærarane som alt er tilsette i skuleverket, og skal vera der i mange år enda. Dersom NTNU skal bidra meir på kort sikt til å auke teknologiinteressen i skulen, er mitt råd at vi må sikre kvaliteten på dei studietilboda vi har etablert, og styrke etterutdanninga av lærarar innan desse fagområda.

Elles støttar eg Andresen i framlegget om å utdanne teknologiformidlarar. Men eg meiner vi bør stille same høge kvalitetskrava her som vi alltid har gjort i høve til profesjonsutdanningane. Kvifor ikkje hente fram att ideen om å lage eit eige studietilbod innan forskningsformidling ("Science Communication") ved NTNU? Eit slik studietilbod kunne gi ei profesjonsutdanning av internasjonalt format, og rekruttere frå fleire av dei teknologiske miljøa ved NTNU. I tillegg ville mange fagmiljø ved heile NTNU kunne bidra; - eg tenkjer ikkje minst på miljøa som arbeider med teknologihistorie, på seksjon for teknologi og samfunn ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar, på Institutt for kunst og medievitskap, og på Info-avdelinga, Midgard Media og Sintef Media (for praksiskomponenten), for å nemne nokre.

NTNU utdannar både sivilingeniørar og realfaglærarar med særs høg kvalitet. Vi bør ikkje ta til takke med det nest beste når det er tale om å utdanne teknologiformidlarar eller kandidatar innan Science Communication.

Ove Kr. Haugaløkken

 
 
    
 SEND INN LESERBREV TIL
 REDAKSJONEN >>>
 
 FLERE LESERBREV:
Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
 
Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
 
Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
 
Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
 
Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
 
Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
 
Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
  Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
 
Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
 
Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
 
Arkiv