EI NY TID FOR HOVUDOPPGÅVER: Sømlaus levering utan papir
(21.6.05, 07:27) I desse dagar slit hundrevis av studentar med innspurten på hovudoppgåvene sine. Arbeidet må ein gjere sjølv, men Institutt for datateknikk (IDI) og Tapir Uttrykk samarbeider no om ei løysing som gjer innleveringa mykje enklare. Eit døme: Ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing skal oppgåva leverast i fire trykte eksemplar før klokka 15 innleveringsdagen. Prosedyren skriv seg frå før EDB-samfunnet, men no blir det enklare.
|
FARVEL, UNIVERSITET: Christian Larsen leverer si masteroppgåve på gamlemåten til Randi Schrøder Flønes ved Institutt for telematikk. |
Nettlevering i vinden
- Vi har sett mange stressa studentar ved deadline opp gjennom åra. For å gjere innleveringa meir smertefri lanserte vi nettbestilling av trykking av oppgåver i fjor, seier Geir Dahlhaug, IT-ansvarleg ved Tapir Uttrykk.
Nettbestilling er populært. Hittill i år har 400 oppgåver blitt levert til trykking, og Tapir Uttrykk ventar 100 - 150 til.
- Studentane finn dette praktisk, og dei får nokre timar ekstra på innspurten, seier Dahlhaug.
Det er dette systemet IDI har teke initiativ til å arbeide vidare med for å legge inn meir funksjonalitet, spesielt med tanke på nettpublisering og integrering med sensurprosessen.
Pilotprosjekt
Studentane ved IDI er forsøkskaniner for den nye måten å levere på. IDI, Universitetsbiblioteket og Tapir Uttrykk samarbeider for å gjere innleveringa enklare og oppgåvene meir tilgjengelege. Med det nye systemet skal studentane levere oppgåva i pdf-format til Tapir Uttrykk før midnatt innleveringsdagen. Dei får ei kvittering derfrå som tener som prov på at dei har levert. Papirkopiar blir leverte til instituttet etter deira ønske.
|
IDI GÅR I FRONT: Professor Ingeborg Sølvberg håper det nye innleveringssystemet for hovudoppgåvar vil bli brukt av heile universitetet. NTNU Info Arkivfoto. |
- Vi ville gjerne vere forsøkskaniner og ta til på ein jobb som universitetet må gjere før eller seinare, seier professor Ingeborg Sølvberg ved IDI.
Førre veke blei 80 hovudoppgåver leverte, og gjennomføringa har vore ein suksess, med få feil i trykkeprosessen. Noko av grunnen er at studentane har fått grundig innføring i produksjon av rette pdf-ar.
Samarbeidet er eit pilotprosjekt på minst to måtar. For det første er IDI det første instituttet som testar ut ein ny innleveringsmåte for hovudoppgåver. For det andre er tanken at systemet skal kunne brukast for publisering av vitskapleg arbeid.
Tilgjengelege oppgåver
Eit viktig poeng med den elektroniske leveringa er at hovudoppgåvene skal gjerast tilgjengelege i fulltekst på internett. IDI har samarbeidd med Universitetsbiblioteket for å kople innleveringssystemet til den skandinaviske forskingsdatabasen DiVA.
-Det er viktig at studentane blir synleggjorde, og at profilen til instituttet kjem tydeleg fram, seier Sølvberg.
Til siste augeblink
Samme kor lettvint det blir for studentane å levere hovudoppgåvene sine, gjev dei ikkje frå seg arbeidet sitt før i siste stund. Tapir Uttrykk har ein innleveringsfrist klokka 04:00 for at det trykte produktet skal vere klart dagen etterpå. Brorparten av oppgåvene blir leverte mellom midnatt og klokka fire om morgonen, med eit ekstra rush frå halv fire til fire.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg |