LESERBREV Jardar E. Abrahamsen: Kva er problemet med gode karakterar?
(30.6.05, 14:51) Me skal ikkje sjå bort ifrå at somme faglærarar er for snille med karakterane. No i desse dagar der kvaliteten er reformert slik at me ikkje lenger har ekstern sensor, kan dette fort skje. Og kanskje det fort kan skje i motsett retning òg. Ein kan likevel stussa litt når ein ser det presentert som eit problem at studentar på høgare grad har ein tendens til å få betre karakterar enn studentar på lågare grad. All den dag kvar karakter på skalaen er definert med kvalitative kriterium, skulle ein heller venta at ein ikkje fokuserte på karakteren åleine, men derimot på kombinasjonen av karakternivå og gradsnivå:
Ein A i eit bachelor-emne er mykje verd, men ein A på masternivå har endå større verdi. Ein kan ikkje venta at den som får A på lågare grad, får A på høgare grad. På ei anna side kan ein venta at den som får D på lågare grad, kanskje ikkje tek mastergrad i det same faget, fordi vedkomande ventar å få F på masteroppgåva si.
Dei kvalitative kriteria for dei ulike karakterane er nemleg heller samanfallande for dei ulike gradsnivåa:
For mitt eige fagområde er ein A på bachelornivå definert slik (utdrag): "Høyt kunnskapsnivå. Svært god teoretisk innsikt og, i emner der det er relevant, svært gode praktiske ferdigheter." For masteroppgåva heiter det om den same karakteren (utdrag): "Oppfyller særlig høye krav til problemformulering, teoretisk og metodisk styrke."
Dei tilsvarande kriterieutdraga for karakteren C er slik på bachelornivå: "Studenten har relevant teoretisk innsikt og, i emner der det er relevant, de viktigste praktiske ferdighetene." Og slik for masteroppgåva: "Oppgaven er et godt og vederheftig stykke håndverk, men med relativt mindre originalitet og perspektivering."
Problemet ligg difor neppe i at høgt utdanna folk oppfyller "særlig høye krav" for sitt gradsnivå. Ein må heller venta at det berre er folk som har særlege interesser og evner i faget, som finn vegen til høgare grad. Då vert karakterforskuvinga i positiv lei ein heilt naturleg ting, og det vil vera misvisande å snakka om «inflasjon» i karaktersetjinga på høgare grad.
Dersom ein kandidat skriv ei masteroppgåve som for sitt gradsnivå oppfyller "særlig høye krav til problemformulering, teoretisk og metodisk styrke", ville det heller vera deflasjon om vedkomande fekk ein karakter i retning av "relativt mindre originalitet og perspektivering".
Det er ikkje uvanleg at det nettopp er folk som oppfyller "særlig høye krav", som tek høgare eksamenar. Om nokon ser eit problem i at dette vert gjenspegla i karaktersetjinga på høgare grad, er det ikkje faglærarar og sensorar som skal strammast opp. Då må me heller justera dei gradsspesifikke karakterkriteria. A for masteroppgåva kunne då snakka om "særlig høye krav", B om "bortimot særlig høye krav" og C om "nokså høye krav". For å stryka kan ein operera med "mindre originalitet", som i dag ville ha gjeve C. Då vert det truleg ei karakterfordeling på mastergrad som liknar meir på karakterfordelinga på lågare grad. Og som ein bonus vil karakterskalaen på høgare grad få omtrent like mange nyansar som dei talkarakterane som me no har kvitta oss med m.a. fordi dei var for detaljerte.
Men om det er lurt å endra karakterkritera slik, det er ein annan diskusjon. Karakterkriteria i dag er trass alt formulerte i samsvar med ECTS. Og det var samsvaret med ECTS som var hovudgrunnen for i det heile teke å innføra bokstavkarakterar. Men sidan rektor no trugar med straffetiltak, er det kanskje ingen veg utanom.
Det vil seia, ein kunne jo prøva å få fleire kandidatar til å taka mastergrad i fag som dei er svake i, slik at populasjonen på høgare grad i eit gjeve fag liknar meir på populasjonen på lågare grad. Då skal me nok få eit fint omdøme ute i den store verda, og dei uteksaminerte kandidatane får garantert dei jobbane dei vil ha.
Jardar Eggesbø Abrahamsen |