LESERBREV Haugaløkken og Løkensgard Hoel: Karakterinflasjon, kvalitetskontroll og kvalitetsreform
(1.7.05, 10:16) I Universitetsavisa 30. juni 2005 tar rektor Eivind Hiis Hauge til orde for mindre bruk av toppkarakterar ved NTNU. Grunngivinga er grei nok: rektor er uroa over at overdriven bruk av dei beste karakterane kan svekke omdømmet til institusjonen og at det kan utvikle seg ulik karakterpraksis slik at studentane ikkje får rettferdig behandling. Det kan vere grunn til å nyansere biletet av karakterpraksis ein del. Ved Program for lærarutdanning har vi gjennom tre år brukt det nye karaktersystemet. Parallelt med dette har vi endra eksamensforma både ut frå Kvalitetsreforma sine intensjonar om større vekt på læringsprosessen og ut frå krava i den nasjonale rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning om større integrasjon av fagkomponentane i lærarutdanninga. Løysinga vår er mappevurdering der norsk og pedagogikk er integrert og der vi legg stor vekt på at studentane både skal motta og gi veiledning i løpet av arbeidet med mappa. Det høyrer også med til biletet at eksamensordninga krev at studentane skal ha eit metaperspektiv på sitt eige læringsarbeid. Frå læringsforsking veit vi at bevisstheit om eigen læringsprosess er viktig i høve til å betre læringsresultatet.
Bak denne eksamensforma ligg eit lengre utviklingsarbeid der siktemålet har vore å finne fram til eksamensformer som både skal ha ein læringseffekt i seg sjølv, som skal vere overførbare til yrkeslivet studentane møter etter eksamen - for dei fleste vil det seie skoleverket - og som skal vise fleire sider ved kandidaten sin kompetanse enn det ein kan få fram ved ein tradisjonell slutteksamen. I tillegg har vi brukt mykje tid til veiledning. Kandidatane det her er tale om, arbeider gjennom heile siste semesteret i såkalla responsgrupper der dei får kommentarar på arbeida sine av medstudentar og også gir kommentarar til kvarandre. Læringsverdien ligg like mykje i å gi kommentarar til andres tekstar som i å få kommentarar. I tillegg får dei veiledning frå faglærarane i norsk og pedagogikk. Vi vil også legge til at ettersom studentane har norsk som fagstudium, har dei truleg utvikla skrive- og uttrykksevna betre enn studentar på enkelte andre fag der språk ikkje er så sentralt.
Eksamensresultata er gode. Om dei ikkje var det, ville det vore verkeleg grunn til uro etter dei store faglege investeringane både studentar og lærarar har gjort. Desse forsøka er det gjort greie for både gjennom interne rapportar til Prosjektstyret for Kvalitetsreformen ved NTNU, gjennom eit kapittel i boka Mapper som vurderings- og læringsform (Dysthe, O.og K. S. Engelsen (red.), Abstrakt forlag, 2003) og i artikkelen Response groups as learning resources when working with portfolios i tidsskriftet Journal of Education for Teaching nr 3, november 2004.
Parallelt med at ECTS-systemet vart innført, har fakulteta arbeidd med implementeringa av Kvalitetsreforma. Ei viktig side ved reforma er nettopp auka individuell oppfølging av kvar einskild student, og auka gjennomføringsgrad. Det er ikkje usannsynleg at dette arbeidet har ført til reelt betre resultat på visse område. Der dette har lykkast, må ein kunne seie at reforma har svara til intensjonen.
Så lenge eksamensordninga vår var registrert som forsøk, fekk vi bruke eksterne sensorar. Vi skulle gjerne ha halde fram med den forma for fagleg samarbeid og kvalitetskontroll som ordninga med ekstern sensor baud på, sjølv om vi ikkje kan registrere endringar i karakternivået etter at ordninga fall bort. Vi kan heller ikkje sjå at at den kontakten som oppstår gjennom veiledning og oppfølging, hindrar oss i å ha ei profesjonell haldning til sluttprodukta som skal vurderast. Men ekstern sensor gir auka tryggleik i høve til karaktersettinga, og det opnar for faglege diskusjonar med kollegaer frå ein annan institusjon som er inspirerande. Ordninga bidrar og til å justere standardar ved ulike institusjonar i høve til kvarandre. Vi bekymra over reduksjon i og bortfall av bruken av ekstern sensor. Nasjonale referansepanel og evaluering av vurderingsordninga kan ikkje erstatte det tette samarbeidet med fagfellar frå andre universitet omkring vurdering. Slikt samarbeid inneber trygg
ing av studentane si rettssikkerheit, det sikrar at institusjonane held same standard i vurderinga, og det er eit viktig element i den kontinuerlege, faglege kunnskapsutviklinga vår.
Ove Kr. Haugaløkken og Torlaug Løkensgard Hoel |