I sommarteneste for studentkulturen
(14.7.05, 08:07) Nokre studentar brukar sommaren på å førebu hausten. Planane for Noregs største kulturfestival og mottakinga av nye studentar blir lagde i tropevarme Trondheim. 6.000 studentar tek til ved NTNU til hausten. Bodil Andersen er nestleiar i Fadderutvalet for dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga på Dragvoll, som skal ta i mot halvparten.
|
Lover speed-dating: Bodil Andersen lover eit rikholdig program den fyrste veka i det nye semester med speed-dating og immatrikuleringsfest. |
Eit betre møte
- Vi vil bidra til å skape Noregs beste Fadderuke, seier samfunnsøkonomistudenten.
Ho og Faddersjef Ingrid Ødegaard har som sommarjobb å sørge for at dei nye studentane får eit enno betre møte med Trondheim enn dei sjølve hadde.
- Det gler oss å ha dette oppdraget. Vi engasjerer oss for at våre nye kollegaer skal få det bra her, seier Andersen.
Innhaldsrik oppstart
Dei nye studentane skal få innblikk i studentorganisasjonar, og skal få sett kva Trondheim har å by på.
- Målet er å hjelpe nykommarane til å finne sin plass i byen. Det er viktig at dei får til å utnytte dei ressursane som finst her, seier Andersen.
Ho lovar eit rikhaldig program den fyrste veka i det nye semesteret. Mellom anna blir det Immatrikuleringsfest på Samfundet, rebusløp, pubrunde, kos på Festningen og StudiebyEN-fest på Torget. Den berømte kjærast-garantien til StudiebyEN blir ivareteken ved speed-dating.
Ny giv for Dragvoll
Det er dei tekniske utdanningane på Gløshaugen som har hatt dei sterkaste tradisjonane når det gjeld fadderopplegg. Bodil Andersen og kollegaene hennar ønsker å skape ein ny tradisjon for Dragvoll-studia. Eitt av grepa dei har gjort er å innsetje ein faddersjef for kvart fag.
- Vi meiner å sjå at dette har ført til ei revitalisering av linjeforeiningane, seier nestleiar Andersen.
Som eit synleg prov på nye takter frå den kanten, stiller Dragvoll i år i den vidgjetne padlekonkurransen for badekar over Nidelva som inntil no har gått mellom linjene på Gløshaugen.
|
Kaffi? Økonomisjef i UKEstyret Anja Sivertsen finn du i sommarteneste på Cafe Edgar på Studentersamfundet |
Gler seg til UKA
Til hausten er det, som i alle oddetalsår, UKA – Noregs største kulturfestival, stelt i stand av trondheimsstudentane sjølve. Anja Sivertsen er ein av dei, økonomisjef i UKEstyret. Ho har lang fartstid på Samfundet og UKA.
- Eg blei med i UKEstyret for å få meir utfordrande oppgåver, og lære av å meistre dei. Det viktigaste er likevel å vere med på å lage noko gøy for andre studentar og få nye vener, seier Industriell økonomi-studenten.
Meir presist: Til hausten vil ho ha 700 nye vener. UKA treng fleire frivillege, og har ein siste opptaksrunde til hausten.
Seigmenn kommer
Sommaren til Anja går med til UKA og Samfundet. Mellom anna har ho vore på seminar med UKEstyret i Travemünde i Tyskland for å planlegge hausten. Ho gler seg til å presentere UKEprogrammet for sine medstudentar. Mellom goditane som er offentleggjorde finn ein Seigmen, som skal gjenoppstå frå Döderlein, og dei lettkledde amerikanske herrane i Chippendales.
Billig tak over hodet Sommaren kan ikkje gå fort nok fram til den innhaldsrike hausten. Mellom UKE-arbeidet jobbar Sivertsen for Trondheim Interrail Center (TIRC) – Samfundet sitt sommartilbod til reisande.
For ein billeg penge får TIRC-gjestane tak over hovudet og frukost. TIRC held også Cafe Edgar open fram til 13. august.
- Studentar som kjem til Trondheim før semesterstart for å snuse litt rundt er hjarteleg velkomne innom, avsluttar Anja Sivertsen.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg |