MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Rokonkurranse på Nidelva (12.7.05, 08:23)

Universiteta i Oxford og Cambridge har utfordra kvarandre til rokonkurranse i 150 år. 21. august skal HiST og NTNU ta opp tradisjonen og ro om kapp opp Nidelva.

Initiativet kjem frå studentane, etter at NTNUI har slått NHH sitt rolag i England: - Inspirasjonen kjem heilt klart frå England, seier Studenttingsleiar Ronny Sødahl Furunes.

ØVING GJER MEISTER: Velferdstingsleiar Edina Ringdal set kursen, Ronny Sødahl Furunes og leiar Andreas Bach i Studentparlamentet på HiST gjer jobben.
Akademisk tvekamp
NTNUI skal møte HiST-studentane sitt idrettslag, HiSSI, i kapproinga, som skal gå frå fjorden til Marinen. I tillegg skal eit dekanlag frå kvar av utdanningsinstitusjonane møte kvarandre. SINTEF og St. Olavs Hospital kastar seg også på i noko som blir ei akademisk storhending. Laga skal ro i åttemannssculler, som i den britiske tvekampen.

Ein festdag
Det blir ein hektisk dag for den som skal få med seg alt. Samme helga står NTNUI som medarrangør av NM i sandvolleyball, og finalen sundag blir StudentfestEN på torget, i regi av StudiebyEN. - Vi ønsker at dette skal bli ei oppleving for dei nye studentane, men det skal også vere ein fest for Trondheim by, seier Ronny Sødahl Furunes.

-Skal bli tradisjon
Planen er at tilskodarane på Marinen skal kunne følgje løpet på storskjerm, og ein jobbar for å få ei kjend sportsrøyst til å kommentere konkurransen. Etter at vinnarane er kåra, går turen i prosesjon til Torget og StudentfestEN. Målet er at arrangementet skal bli ein tradisjon. Det står om akademisk ære, og Furunes oppmodar studentar og tilsette om å møte opp for å heie fram ein siger til NTNU.

Kamp på kniven
NTNUI-leiar Per Kristian Helland er sikkert på siger, men HiST-studentane lovar kamp på kniven: - Vi skal gå på med dødsforakt. Vi kan ikkje ta NTNUI på teknikk, men skal ta dei på viljen, seier Lennart Krohn Hansen frå HiSSI. Studenttingsleiaren er førebels i arrangør-rolla, men lovar å gjere sitt for NTNU: - Hvis dette blir ein suksess, reiser eg over til England på opplæring, avsluttar Furunes.

Tekst og foto: Håvard Hamnaberg