NOREGS STØRSTE IDRETTSLAG: Nesten 10 000 medlemmar i NTNUI
(18.7.05, 08:39) NTNUI har 9736 medlemmar ved sist telling. No gler dei seg til å ta i bruk det oppgraderte idrettsbygget ved Gløshaugen. - Det som er spesielt med NTNUI, og som gjer at vi er størst, er at vi er allsidige og har ei levande dugnadsånd, seier leiar Per Kristian Helland i Hovedstyret i NTNUI.
|
HEILT VOLLEY: I Dødens Dal ved Gløshaugen kan du spele strandvolleyball.
|
Stort
I 2003 hadde idrettslaget 8372 medlemmer. Helland trur auken i medlemstal skuldast at det er enkelt og billeg å bli medlem. Samarbeidet med Studentsamskipnaden om treningstilbod bidrar også til at alle NTNU-studentar får oppfylt ønska sine innanfor NTNUI.
Allsidig
Ikkje berre er det stort, idrettslaget til NTNU-studentane har rundt 50 underaktiviteter, noko som også er eineståande i Noreg.For 500 kroner kan du bli medlem i NTNUI for eit år, og ta del i dei mange aktivitetane dei byr på. Freistar amerikansk fotball, finn vi Nidaros Domers. Vil du fekte, danse, klatre, ro eller segle finst det undergrupper også for det.
Markatraving
Dei turinteresserte får også sitt: NTNUI eig Studenterhytta i Bymarka, eit perfekt utgongspunkt for turar og avslapping etter ei hektisk veke. 22 koier, ubetjente hytter, ligg rundt Trondheim, og kan brukast av alle medlemmer for ein billig penge. Mulegheitene ligg og ventar på rastlause studentar.
Nytt hus
NTNUI opererer i to idrettsbygg, eitt på Dragvoll og eitt ved Gløshaugen. Idrettsbygget Gløshaugen er i desse dagar under rehabilitering og utviding. 15. august er den gamle delen klar til bruk, medan den nye delen ferdigstillast i januar.
- Vi gler oss til å ta det nye huset i bruk, seier Helland.
Om- og påbygginga betrar tilbodet. Bygget blir handikap-tilpassa, og får ny buldre-/klatrevegg. Det blir også betra tilhøve for styrketrening og fleire mindre hallar til dans og aerobic. 30. august presenterer NTNUI seg i ein Idrettskavalkade i det nyoppussa Idrettsbygget ved Gløshaugen.
|
ACTION I ELVA: Tru det eller ei. Det går fint an å surfe i Nidelva. Sondre Bjørnbet ved Sluppen bru.
|
Topp og botn
Innan nokre greiner, som dans, volleyball og orientering, held NTNUI nasjonal og internasjonal klasse. Mellom anna skal tre medlemmer representere Noreg i VM i orientering i august.
- Vi driv både med toppidrett og breiddeidrett.
Og ha det kjekt
Eit viktig prinsipp er at ein skal kunne komme som ein er, og ha det kjekt i aktivitet, seier Helland.
NTNUI-leiaren ser idrett som ein naturleg del av studentkvardagen i Trondheim:
- I Trondheim skal ein jobbe ved universitetet om dagen, trene i NTNUI om ettermiddagen, før ein går på Samfundet om kvelden, avsluttar Helland.
Tekst og foto: Håvard Hamnaberg Les meir om NTNUI
|