MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Er fabrikken passé? (15.8.05, 14:06)

Norske Skog legg ned papirfabrikken i Skien. Nå er det ikkje mange av dei att i landet. Har fabrikken gått ut på dato?

SJELDANT SYN: Det er langt mellom fabrikkpipene i dagens Noreg.
Om vi fekk høve til å vandre gjennom bynære landskap i Noreg for ein dryg generasjon sidan, og samanlikna dei med i dag, ville vi venteleg blitt slått av noko som er blitt borte nå: fabrikken.

Arbeidsfolka er i Kina
Nå vil det globale konsernet Norske Skog legge ned ein av dei siste klassiske industrifabrikkane som er att, Union i Skien – jamvel om produksjonen går med solide overskot – og flytte produksjonen til Kina, der fortenesta vert enno større.

Tilhøyrer fabrikken allereie historia?

- Ja, og nei.

Fabrikken som kultur
Dette oppklarande svaret vert servert av professor Knut Ove Eliassen ved institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU.

Saman med fem kollegaer skreiv han verket "Fabrikken". Her ser dei på industrifabrikken som eit moderne kulturfenomen. Boka kom ut rett før siste årsskifte.

FAKTA

BOKA FABRIKKEN
Seks akademikarar frå NTNU utgjer arbeidslaget bak boka «Fabrikken»: Professorane Håkon With Andersen, Ola Svein Stugu, Audun Øfsti, Knut Ove Eliassen og Terje Borgersen, pluss stipendiat Thomas Brandt.
Det mannsterke skiftet representerer historie, kunst- og medievitskap, nordistikk og litteraturvitskap og filosofi. Boka på nærare 700 sider tek for seg fabrikken som omgrep, historisk fenomen, fysisk arbeidsplass og kunstnarisk inspirasjon.

- Vi starta arbeidet med boka med ein arbeidshypotese som gjekk ut på at fabrikkens tidsalder i Noreg er over, seier han. - Då er svaret er ja, om ein ser på fabrikken som eit moderne symbol, med høge fabrikkpiper og arbeidarar som strøymer inn og ut. Men like fullt har vi enno omfattande industriproduksjon i landet, og vi har fabrikkar - dei ser bare ikkje lenger ut som fabrikkar, presiserar Eliassen.

Ikkje lenger industriland
Dei seks NTNU-forskarane har sett på fabrikken i eit kulturhistorisk perspektiv. For ein generasjon sidan sto fabrikken, til dømes i form av dei såkalla hjørnesteinfabrikkane, i sentrum i vanlege folks kvardag. Gruveverksemder i innlandet, smelteverk i fjordane langs kysten, konfeksjonsfabrikkar i dei store byane.

- Noreg har gitt opp å sjå på seg sjølv som eit industriland, trur professor Eliassen. - Det er ikkje bare arbeidsplassar som forsvinn når fabrikkane blir borte. Det sosiale medvitet, den kollektive samkjensla, vert samstundes borte. Samfunnsverdiane vi held oss med, kjem ikkje ut av tynne lufta. Dei vert skapt ein stad, dei er eit resultat av den fysiske organiseringa av arbeidet og kvardagen.

Vart utfordra av Forskingsrådet
Bakgrunnen for boka Fabrikken er de generelle ambisjonane om å vere tverrfagleg. NTNUs fag innan humaniora vart utfordra av Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Produktivitet 2005 til å utforme eit prosjekt. Dette skulle formast fritt, men også ha relevans for norsk industri og næringsliv.

”Dette brakte oss inn i ein prosess ingen av oss ante utgangen på. Til sist førte den frem til denne boken,” skriv dei seks forfattarane i forordet

I følgje forfattarane er målet med boka å nå fram til mange grupper, ”mennesker som vil gå inn i hele den idéverden som ligger til grunn for produksjon og industri”.

IKKJE FORPLIKTA: - Jo mindre synlege og knytta til staden eigarane er, jo mindre forplikta kjenner dei seg, meiner professor Eliassen.
Glansbiletet som forsvann
Hjørnesteinsverksemdene vart ofte plassert inst i vakre vestlandsfjordar. I byggetida etter krigen var dette essensen i den sosialdemokratiske visjonen: Fabrikkpipar idyllisk omkransa av høge fjell og djupe fjordar.

Men også dette endra seg.

- Snart kom miljørørsla til, og viste oss korleis fabrikkrøyken la seg over skogane og utsleppa rann ureinsa ut i fjordane. Dermed vart glansbiletet av fabrikken øydelagt. I dag kunne ein kanskje hevda at fabrikken sjølv er ein utrydningstruga del av den kulturelle økologien, seier professor Eliassen.

Hatet som forsvann
- Kor vart det av hatet, spør Eliassen.

- Hatet mot ”fabrikören”, slik han vart heitande i gamle svenske, sosialrealistiske spelefilmar: Den tjukke, sigarrøykande fabrikkeigaren som gjekk rundt og klådde på dei unge fabrikkjentene.

- Dei vart portrettert som monster av sosialistar og fagforeiningsfolk. Dette hatet forsvinn i nostalgien, som alltid idylliserer, seier han.

Fabrikören var også ein person som syntes, på same vis som maktstrukturane omkring den klassiske fabrikken var tydelege – og bunden til staden fabrikken låg. I dette ligg kimen til ein annan slags nostalgi.

Ein norsk "Krøniken"-Erik
I dette biletet er det at investor Petter Stordalen kjem som ein slags Erik (industrieigarsonen i den danske tv-serien Krøniken) til Union i Skien, med entusiasme og nye planar for verksemda.

Men Norske Skog anno 2005 er – trass i namnet – global, ikkje stadbunden lokal, og dei vil helst ikkje selje. Norske Skog kjenner ikkje ansvar for Skien.

Av Tore Oksholen