LESERBREV Jardar Eggesbø Abrahamsen: Namnet
(28.11.05, 12:28) - Jau då, det heiter NTNU, men eigentleg er det eit vanleg universitet, det er berre namnet som er feil. Det er sant at me i ti år har brukt mykje pengar på å prøva å etablera namnet NTNU. Spørsmålet er om me skal halda fram med å bruka mykje pengar på å etablera dette misvisande namnet. Kanskje er det billegare å etablera eit nytt namn som folk skjønar. Skal me taka ei samanlikning, har Universitetet i Stavanger allereie etter få månader oppnått full forståing mellom publikum av kva slags institusjon dei er. Men i Trondheim slit me altså framleis etter ti år.
Dermed har eg òg, som mange andre, opplevt å måtta koma med lange utgreiingar til kollegaer og ikkje-trønderar om at «jau då, det heiter NTNU, men eigentleg er det eit vanleg universitet, det er berre namnet som er feil, og all min teknisk-naturvitskaplege kompetanse er slikt eg har pga. hobbyane mine». Slikt slepp dei i Stavanger.
Likevel er det meir påfallande, det eg opplevde førre veke. Me høyrer jo stendig at alle faga ved universitetet vårt er viktige. Men etter ti år høyrer eg framleis om folk som veit å stilla denne diagnosen:
«Namnet fortel berre kven som er mest verd.»
Denne vesle observasjonen om namnet fortel oss at namnet sender dei same signala til det eksterne publikumet som til det interne, trass i fine ord og millionar av marknadsføringskroner. Signal som òg er stikk i strid med retorikken frå 1995 om at no skulle me endeleg få indre fred ved universitetet i Trondheim. Noko seier meg at me har klart å oppnå det stikk motsette.
Diverre har det gått mykje prestisje i namnet. Lars Johan Materstvedt er modig som torer å seia offentleg det som er sant - han vil utvilsamt i somme miljø verta stempla som bakstreversk, trass i at han bed om ei endring til noko betre enn me har no.
Det er då ein må spørja: Kvar er viljen til nytenking og framsteg? Kvifor tvihalda på eit namn som skaper mistydingar og som det eigentleg nesten berre var ein no pensjonert rektor og nokre politikarar som ville ha? Kven er det som er bakstreversk?
Jardar Eggesbø Abrahamsen |