LESERBREV Jardar Eggesbø Abrahamsen: Tankar og litt te
(29.11.05, 13:45) Jan Helge Maurtvedt har eit innlegg der hovudbodskapen er at me må ha dialog og samarbeid. Og ingen kan vel vera usamd i det. Men slik Maurtvedt legg det fram, skal dialogen og samarbeidet ha som føresetnad at berre den eine parten skal ha tale- og definisjonsrett. Den andre parten må for all del ikkje fortelja om slikt som vanskeleggjer dialogen og samarbeidet, for dette er syting.
Ein treng ikkje vera samfunnsvitar for å skjøna at dette er eit dårleg utgangspunkt for både dialog og samarbeid. Til all lukke er då òg Maurtvedt lite representativ for universitetet vårt, men gjennom innlegget sitt minner han oss likevel på noko viktig: gjensidig respekt.
Gjensidig respekt
Og heldigvis er den gjensidige respekten for fagleg eigenverdi upåklageleg hjå fagfolk på Gløshaugen og Dragvoll. Det er i alle fall mitt inntrykk både av dei som er litt eldre enn Maurtvedt (han er 23, skjønar eg) og dei fleste av dei som er yngre.
For rett nok er det slik at utan teknologi, matematikk og naturvitskapane ville ikkje dei fleste humanistar ha vore i stand til å gjera jobben sin, og utan humaniora og samfunnsvitskapane ville me alle visst forferdeleg lite om verda, frammandspråk til akademisk bruk ville ha vore for dei få, og vilkåra for å utvikla teknisk-naturvitskaplege og andre fag ville alt i alt ha vore særs magre.
Ja, rett nok er me gjensidig avhengige av kvarandre. Men det grunnleggjande i vitskaplege aktivitetar, anten det er grunnforsking eller «nytteforsking», er jo likevel noko heilt anna. Det er den menneskelege undringa over korleis verda heng saman, her medrekna både kjemiske sambindingar og kva det vil seia å vera eit menneske. I ytste instans er nytteverdien eit biprodukt av at forskaren trivst med å finna ut av ting.
Ein konsekvens av namnet?
Maurtvedts innlegg viser òg kor gale det kan bera av stad: Rett nok vedtok Stortinget 28.3.1995 at dette universitetet for dei ikkje-teknisk-naturvitskaplege faga sin del skulle vera eit heilt vanleg universitet: Det skulle vera eit breiddeuniversitet med plass til «teknologiske og naturvitenskapelige fag, humanistiske fag, samfunnsvitenskap og medisin, som gir rom både for grunnforskning og utdanning innen disse disipliner». Og i tillegg til dette skulle ein òg leggja til rette for («fremme», ikkje «påtvinge») samarbeid.
Men trass i dette går altså no ein av våre eigne studentar rundt og trur at «NTNU» er noko anna enn det som Stortinget vedtok i klartekst. Kan det vera namnet vårt som har skulda?
I møte med undrande kollegaer og studentar er det i ein slik situasjon ikkje unaturleg å presisera at dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga er fullt på høgd med andre universitet, trass i namnet «NTNU». Dette hevar den samla prestisjen til universitetet. Ein teknolog eller naturvitar ved «Noregs humanistiske universitet» ville vonleg ha gjort det same, men det beste ville sjølvsagt vera om slike presiseringar ikkje var naudsynte.
Den diffuse samarbeidstanken
At ulike fagmiljø gjerne kan samarbeida, er me sjølvsagt òg samde om langt inn i det rituelle. Sjølv bruker eg akustiske analysar som hjelpemiddel i det lingvistiske arbeidet mitt, og skjemmest korkje over dette eller over at eg har ei realfagleg fortid med vidaregåande-eksamen i matte og kjemi og ein OK standpunktkarakter i fysikk. Eg har òg ved høve assistert som språkmann i motsett fagleg retning. Insituttet eg er ved, har lange tradisjonar for samarbeid med teknologiske miljø, lenge før 1995.
At det ikkje alltid vil vera like naturleg å kombinera kjemi med setningsanalyse, er ei anna sak, som det vel helst er visse politikarar som har problem med: Under lobberundane i mars 1995 vart ein stortingspolitikar spurd om korleis ein kunne teknifisera studiet i norrønt språk. Det visste han ikkje, men han rekna med at dersom Stortinget vedtok noko slikt, så skulle vel alltids fagmiljøa klara å finna ut av det. Heldigvis vedtok Stortinget eit breiddeuniversitet i staden.
Urealistiske namn
Det store politiske hovudargumentet frå 1995 for å døypa universitetet om til NTNU var at no skulle me få fred i Trondheim. Etter ti år ser me framleis at verkemiddelet ikkje var velvalt, trass i administrative og politiske vedtak om at desse realitetane ikkje finst. Og diskuterer me namnet, ville det vel òg vera heller usannsynleg om me fann eit nytt namn som alle ville vera nøgde med:
«Universitetet i Trondheim» ville vera meir sannferdig enn «NTNU», men det møter motstand fordi namnet har funnest før. Teknologiutdanninga hjå oss seiest å ha eit nasjonalt ansvar, men samstundes har jo òg visste humanistiske miljø her både nasjonalt hovudansvar og nasjonalt eineansvar for sine fag.
Allan Krill gjer framlegg om «Noregs universitet i Trondheim». Dette namnet er om mogeleg endå meir usannsynleg. Men om me prøver å skilja mellom «kva som er sannsynleg» og «kva som kunne ha vore ein god idé» (for dette går ikkje alltid hand i hand i politikken), er Allan Krills framlegg godt.
Realistisk eller ikkje, det namnet kunne ha samla meir enn både «NTNU» og «Universitetet i Trondheim», samstundes som det ville ha skilt oss ut frå alle dei andre «Universitetet i»-institusjonane. Diverre er «Noregs universitet i Trondheim» like urealistisk som «NTNU» var i byrjinga av mars 1995.
Jardar Eggesbø Abrahamsen
PS: Dersom Jan Helge Maurtvedt ynskjer å vita meir om kva lingvistar arbeider med og kvifor, er han hjarteleg velkomen på ein kopp te. Eg skal svara på alle spørsmål etter beste evne. |