LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: NTNU 2020, RIT 2000 og den kritiske debatten
(15.12.05, 15:53)
Ein grunntanke bak universitetet som institusjon er at det skal vera ein møteplass for kritisk gransking og open debatt. Vi ser dette manifestert i vitenskapelege disputasar, og denne spalten er også med på å føre tradisjonen vidare på eit meir allment plan.
I sitt innlegg i Universitetsavisa den 13.12 uttrykkjer Balas og Halvorsen uro over at "...studenter og ansatte [kan vegre] seg for å ta verv og uttale seg offentlig når amanuensis Andresen lusker rundt med sine førjulsoverraskelser". Dei siktar til Andresens ironiske julekonkurranse i same spalte.
La oss sjå Balas og Halvorsen si uro frå ei anna side: Trond Andresen har i mange år bidratt med både kritiske, konstruktive og kreative innlegg i universitetsdebatten, både i dette forumet og i styret. Eg trur det er andre forhold enn eit debattinnlegg av Andresen som kan koma til å skræme studentar og tilsette bort frå verv og engasjement i dagsaktuelle debattar.
I ei tid som i aukande grad er inspirert av management-tenking og konsernmodell krevst det kritiske røyster som representerer alternative synsmåtar. Det som kan kvele ein konstruktiv debatt er når diskusjonsinnlegg blir omtala i termar som "illojalitet" og "det absolutte lavmål", og udokumenterte påstandar om at det skulle vera ei nyskaping ved universitetet at ein fylgjer styret sine vedtak. Eg kan ikkje sjå at desse karakteristikkane er riktige. Snarare vil eg seia at Trond Andresen sitt innlegg var ei påminning til fleire av oss som har fylgt debatten både om RIT 2000 og NTNU 2020.
Andresen drog fram nokre av dei visjonære honnørorda frå RIT 2000, og viste til avdelingssjef Gisvold sine åtvaringar mot visse sider ved prosjektet "RIT-lækkert". Det vekte i alle fall assosiasjonar i høve til nokre av visjonane rundt NTNU 2020, der det i notatet om
Kunnskapsbyen Trondheim som ligg på prosjektet sine nettsider blir argumentert med at ei samlokalisering - mellom mange andre fordelar - vil føre til betre kunnskapsformidling, større mangfald, meir kreativitet, betre innovasjon, meir byliv - meir attraktiv by, betre læring, betre konkurranseevne for universitet og høgskule, meir for pengane, fleire kundar og betre region (side 10ff).
Det kunne vore interessant å sjå korleis ein ser for seg at ei samlokalisering skal kunne føre til betre kunnskapsformidling og betre læring. Problemet er at dokumentasjonen manglar. Dermed står vi att med ei mengd fine ønskemål som alle vil vera einige i, men som forblir honnørord utan innhald.
Då RIT-lækkert vart presentert, var karakteristikkane mellom dei visjonære prega av uttrykk som "suverent" og "grensesprengende og av internasjonal interesse". Skeptikarar fann ein mellom legane som undrast om det var mogleg å gjennomføre prosjektet innanfor dei gjeldande rammevilkåra. Nå synest det som om enkelte av skeptikarane fekk rett.
Debatten om NTNU 2020 har sett på dagsorden mange viktige tema som vi må drøfte vidare uansett om det blir samlokalisering eller ikkje. Samstundes bør vi passe oss slik at vi ikkje fortapar oss i feiande formuleringar og førførande scenariar, men gjer som professor Austgulen foreslo i siste styremøte (med atterhald om at Universitetsavisa har sitert henne korrekt): "Dropp scenariene, la oss få prislappen."
Det er ein viss parallellitet i skeptikarane til "RIT-lækkert" og skeptikarane til eventuell samlokalisering av NTNU. Det er denne parallelliteten Andresen finn grunn til å peike på. Forma på Andresens innlegg kan det råde ulike meiningar om. Men å kalle det "illojalitet overfor kolleger" og "hodeløse personangrep" er å skyte langt over mål. Debatten må tåle friske innspel. Det kan bidra til at vi unngår å bli for straumlineforma og unisone i tankegangen. Det trengs om universitetet skal bestå som arena for kritisk analyse og fri meiningsbryting.
Ove Kr. Haugaløkken |