LESERBREV Ove Kr. Haugaløkken: Om argumentasjon og debatteknikk
(19.12.05, 11:23)
For å skaffe seg ein debattmotstandar som det blir morosamt å henge ut, slik Krill nå ønskjer å vri debatten, tillegg Krill meg synsmåtar som eg ikkje har. Debattinnlegget blir på den måten underhaldande, men ikkje særleg konstruktivt. Eg vil råde Krill til å lesa vedlegg 4 til styresak 12/05, 8. februar 2005. Notatet har tittelen "Kunnskapsbyen Trondheim". Der blir det frå side 10 og utover mellom anna slått fast at ei samlokalisering vil føre til betre læring og betre kunnskapsformidling. I notatet finst det ikkje dokumentasjon på korleis desse to effektane skal kunna oppstå som resultat av samlokalisering. Ettersom læring og kunnskapsformidling er sentrale sider ved verksemda på NTNU, ville eg stille større krav til reflektert begrepsbruk og fagleg grunngjeving i eit underlagsdokument for ei styresak enn det som her er tilfelle.
Elles finst det mange gode grunnar for samlokalisering; fleire av dei kan ein lesa i Hestnesutvalet sine innstillingar. Samarbeid på tvers av fagfelt er etter mitt syn den viktigaste motivasjonen. Samarbeid mellom teknologimiljø og samfunnsvitskapelege miljø har eg opplevd som fruktbart både under eit opphald ved universitetet i Minnesota og her ved NTNU. I det fyrste tilfellet var vi i kort gangavstand frå kvarandre. Men heller ikkje Dragvoll-Gløshaugen-avstand har vore til hinder for samarbeid ved NTNU. Eg har aldri opplevd den polariseringa i ulike vi-grupper som Krill skriv om, og trur difor at dette er ein konstruksjon som han lagar for å ha noko å argumentere ut frå.
Krill ser ut til å forveksla NTNU sin administrasjon med Styret for NTNU. Styret har, ikkje minst i sak 93/05 i det siste møtet 14. desember, gitt klare retningsliner for korleis strategiprosessen ved NTNU skal drivast vidare. Som ledd i prosessen inngår ei høyringsrunde i fagmiljøa, Studenttinget og fagorganisasjonane. Dette er ryddig, og syner at Styret plasserer ansvaret hos leiinga og i fagmiljøa, og ikkje i administrasjonen.
Balas og Halvorsen åtvara i sitt første innlegg mot "...å legge listen for debatten på et nivå som verken er en akademisk institusjon verdig eller bidrar til å oppklare noen av sakens reelle aspekter". Eg vil råde Krill til å lesa denne åtvaringa ein gong til.
Ove Kr. Haugaløkken |