Direktør i Forskingsrådet: - Tverrfagleg forsking i fare
(20.1.06, 09:41) - Forfattarar av vitskaplege artiklar må ha ein kvalitetsdiskusjon før publisering. Samstundes må forskarane kunne ha tillit til kvarandre, seier direktør for Divisjon vitskap i Forskingsrådet, professor Roy Gabrielsen. Gabrielsen fryktar for framtida til tverrfagleg forsking etter saka om forskningsfusk. |
Roy Gabrielsen |
Kor stor grad av kvalitetskontroll kan ein vente av medforfattarar av vitskaplege artiklar? Dette spørsmålet har vorten heilt sentral i kjølvatnet av forskingsfusket til Jon Sudbø, kor heile 13 forskarar rundt om i verda signerte som medforfattarar, utan å oppdage at heile datamaterialet var basert på juks.
Roy Gabrielsen presiserer at han ikkje kjenner denne saka frå anna hald enn media. - Vi må vente på granskingskommisjonens konklusjonar før vi veit kva som har skjedd. Eg prøver derfor å halde meg til meir generelle refleksjonar, seier han.
Arbeider for tillit
Gjennom jobben som vitskapsdirektør i Forskingsrådet har Gabrielsen som ei viktig oppgåve å syte for auka tillit - både internt i forskingsmiljøa, og mellom forskarar og ålmenta. Kravet til medforfattarane står heilt sentralt i dette.
Samstundes vert stadig meir av forskinga tverrfagleg. Forskarar frå ulike disiplinar går saman om publisering av vitskapleg materiale. Kor mykje innsikt i andre forskingsfelt er det rimeleg å forlange av den einskilde forskar?
- I ei tverrfagleg gruppe er kompetansen grunnleggande ulik. Men ofte er det fullt mogleg å setje seg inn i delar av kva den andre driv med. Dette er noko eg sjølv har kjent på kroppen som petroleumsforskar, seier professor Gabrielsen. Ved sida av jobben som divisjonsdirektør held han fram med å publisere eiga forsking.
- Kritikkverdig
- Ein del ting som gjeld forskingsdesign, metodikk, og - dersom eige område ikkje ligg for langt vekke - sjølve datamaterialet, kan ein forstå og kvalitetssikre eit stykke på vegen. Dette er ein del av kvalitetsdiskusjonen ein skal ha framføre publiseringa, og denne diskusjonen ser det altså ut til at dei involverte har slurva med i dette tilfellet. Dersom dette er tilfelle er det kritikkverdig, konstaterer Gabrielsen.
Han spør seg om det er ulike kulturar ute og går i ulike fagdisiplinar.
- Om det skulle være slik at ein innan medisinsk forsking tenkjer meir som så at, ’dette er ditt felt medan dette er mitt, du har ansvaret for dine ting eg for mine, og så let vi det vere med det.’, bør ein vurdere å endre åtferd, seier han.
- Svekka truverde?
På spørsmål om han fryktar at dette kan få konsekvensar for medforfattarane si truverde, seier Gabrielsen dette:
- Det kjem an på korleis dei handterer situasjonen nå - kor opne dei er med kva dei har gjort og ikkje gjort.
Divisjonsdirektøren peiker på at i mange situasjonar er det ein glidande overgang mellom fusk og slurv.
- Ein kan tenkje seg at dette er eit høve der den eine har fuska og dei andre slurva. Elles i forskingsverda finn vi ikkje så reint sjeldan overgangstilfelle: Det kan vera datasett ein har samla inn og som ein, om ein er ærleg med seg sjølv, inst inn veit ikkje held mål, men som ein likevel inkluderer i datamaterialet.
- Haldningar framfor lover
Gabrielsen helsar arbeidet til Uredeligheitsutvalet velkommen, og er open for at det trengst nye lovar på området. Men:
- Vi kjem ingen veg med nye lover åleine, dersom vi ikkje skaper dei rette haldningane. Det viktigaste er dette: Datamaterialet skal alltid vere førsteklasses.
På spørsmål om han fryktar at tverrfagleg forsking kan ta skade av denne saka, svarar Gabrielsen eit klar ja.
- Dersom dette fører til eit krav om at alle forskarar skal ha full innsikt i alle data og alle metodar, vil tverrfagleg forsking bli svært vanskeleg. Vi må ha tillit til kvarandre, ein kjem ikkje utanom det.
- Fare for banebrytande forsking
Han held fram med å åtvare mot at for mykje av ansvaret vert overført frå enkeltforskarar til forskaren sin institusjon. Det er forskaren som er ansvarleg for forskinga, medan det i prinsippet er institusjonens ansvar å sjå til at det føreligg haldningar og kvalitetsrutinar og at desse vert handheva.
- Det er klart at det finst høve der det må være tillate å føreslå å publisere idear og konsept på eit tidspunkt der ein ikkje har full datadekning før den endelege konklusjonen. Ein må og syta for at kontroversiell, banebrytande forsking vert publisert. Dersom det sentrale ansvar blir for tungt kan ein risikere at slik spenstig forsking li skade, rett og slett fordi institusjonen kor forskaren arbeider, ikkje tek sjansen. Dette må ikkje skje.
Trekte seg to gangar
Professor Gabrielsen har sjølv trekt seg som medforfattar ved to ulike høve. Det har gått på at han ikkje har kunne gått god for kvaliteten eller konklusjonane i dei aktuelle forskingsprosjekta.
- Dette er noko eg sjølv er svært medviten på – ved å setje namnet mitt under ei vitskapleg artikkel, investerer eg mitt faglege namn og rykte i det. Då gjer eg kva eg kan for å kjenne meg trygg på at det held mål.
Rapporteringsplikt
Christian Thommessen er medlem av styret ved NTNU. Han seier i ein kommentar at dette er noko ein bør vurdere å ta inn i det etiske regelverket:
- Når ein forskar får tilbod om å vere medforfattar av ein vitskapleg artikkel, og ho eller han undervegs finn at ein ikkje kan gå god for den faglege kvaliteten og derfor trekker seg frå samarbeidet, kan det vere ein god idé å innføre rapporteringsplikt. Dette vil verke skjerpande på forskarane, trur Thommessen.
|
Geir Ellingsrud |
Vancouver
Den nyvalde rektoren ved Universitetet i Oslo, Geir Ellingsrud, hadde hendene fulle med å førebu arbeidstilhøva til kommisjonen som skal gå gjennom fuskesaka, då vi besøkte han onsdag. Ellingsrud ser også behov for betra lovverk på området, men:
- Denne saka er så spesiell at den ikkje bør få vere modell for eit slikt lovverk.
Ellingsrud viser til Vancouvertraktaten, som seier at medforfattarar skal fylle tre krav:
For å kunne stå på forfattarlista skal ein ha oppfylt minst tre kriterier. For det første skal ein skal ha gitt et vesentleg faglig bidrag til studien, enten i form av idé og utforming, innsamling av data eller analysering og tolking av data. For det andre skal alle forfattarane kunne stå til ansvar for bestemte deler av manuskriptet. Ein skal ha vore med enten på utforminga av heile artikkelen, eller gått grundig og kritisk gjennom den i etterkant. For det tredje må ein godkjenne den endelege versjonen som skal publiserast.
- Dersom alle medforfattarane held seg til desse reglane, bør det vere mogleg å unngå slikt i framtida, seier rektor ved universitetet i Oslo, Geir Ellingsrud.
Av Tore Oksholen |