- NTNU har fått mest pengar
(24.1.06, 11:35) - Eg veit ikkje om nokon statleg institusjon som har fått meir auke i bevilgningar dei seinare åra enn NTNU. Og vi har ikkje lukkast i å nytte den auka pengestraummen til å prioritere tilstrekkelig strategisk, seier Christian Thommessen. |
- Kutt i studietilbod: Den profilerte styrerepresentanten Christian Thommessen meiner at NTNU har ein manglande evne til å slutte med ting. Her frå Røros-seminaret for NTNU sitt styre og ledelse i fjor. Arkivfoto: NTNU Info/Elin Fugelsnes |
Tida er inne for vinterens kaldaste eventyr for NTNU-toppane: Det er strategiseminar i kuldehovudstaden Røros. Leiinga ved NTNU, styrerepresentantar, dekanar og fleire er samla for å snakke strategi. Dette skjer i ei tid kor fordringane til dei høgare utdanningsinstitusjonane er større enn nokosinne. Kvalitetsreform, krav til publisering, krav til marknadstilpassing og meir til, set både leiing og forskarar under eit auka press.
Kva er dei viktigaste utfordringane?
Sånn passe
Eksternt styremedlem Christian Thommessen er også på Røros. Universitetsavisa snakka med han nokre dagar før avreise.
- Slik eg ser det, står NTNU overfor tre viktige utfordringar. Den eine ligg i dilemmaet internasjonalt framragande i forhold til det å være et regionalt universitet. Korleis skal vi lukkast internasjonalt? Er det riktig å slå oss saman med HiST? seier Thommessen.
Den andre utfordringa går på det også mange andre peiker på – om NTNU rekrutterer dei rette studentane. Den tredje gjeld forskarane.
- Kan NTNU vere ein global aktør utan å ha ein større utveksling av forskarar på eit internasjonalt nivå? spør Thommessen, og legg til:
- Vi er allereie i dag sånn passe nøgd.
Ikkje bare bare
Høyrer vi eit ”bare” her?
- Slett ikkje. Då går ikkje så verst. Men vi er ikkje god nok på nokon av desse områda, seier Thommessen.
- Vi prioriterer ikkje godt nok på dei strategiske midla. Vi har for lite strategisk leiing, og her vil eg sitere styreleiar i Forskingsrådet, Geir Stene-Larsen, som under eit tidlegare strategiseminar her på Røros uttala at "det er for mykje demokrati ved NTNU." Det er og verd å merka seg at ”vår” tidlegare statssekretær Bjørn Haugstad kasta nokre riktige brannfaklar inn i debatten føre jul, der temaet handla mellom anna om fagleg leiing og evne til strategisk prioritering.
Kan ikkje slutte
Thommessen peiker spesielt på det han ser på som universitetets manglande evne til å slutte med ting.
- Vi har oppretta nye masterstudiar stadig vekk. Det vi ikkje får til, er å legge ned nokre av dei. Dette er noko eg opplever at mange tilsette ved NTNU seier til meg på tomannshand, seier han.
- Kva for studiar meiner du bør nedleggast?
- Det kan ikkje eg svare på.
- Men ligg det i det du seier at det er fag som ikkje ligg inn under hovudprofilen som bør leggast ned?
- Slik kan du ikkje tolke meg. Faktisk kan ein like godt seie tvert i mot – om leiinga skulle gje seg inn på å kutte i studietilboda, ville det vore særs upsykologisk om ein ikkje kutta like mykje i hovudprofilen.
For mange professorar?
Thommessen legg altså vekt på at det er viktigare å rekruttere dei beste studentane enn å skaffe flest mogleg studentar - og han synest universitetet har for mange studietilbod. Men har ein for mange professorar? Med dagens ordning med professoropprykk, har einskilde ymta frampå om at det er vorten for lett å bli professor.
Men det vil ikkje Thommessen vere med på utan vidare.
- Heller enn å spørje om vi har for mange professorar, kan du endre spørsmålet til om vi har dei rette professorane. Eg meiner at incentiva for å verte forskar og universitetsleiar på høgt nivå er utilfredsstillande i Noreg. Professorane har for dårleg betalt, ikkje minst om ein samanliknar dei med løna til stipendiatane deira – og differensieringa i lønningar er for liten samanlikna med dei beste utanlandske universiteta, meiner Christian Thommessen.
Av Tore Oksholen |