MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Forfattarskap som smøring (14.3.06, 06:21)

OSLO: Respekten mellom forskarar er låg for reglane Vancouvertraktaten set for å vere medforfattar av vitskaplege artiklar. Medforfattarskap er blitt ei valuta i byte for motytingar. Er unge forskarar verre enn eldre, og er medisinarar aller verst?

INNLEIARAR: Dei fire innleiarane under debatten var direktør Arvid Hallen i Forskingsrådet, redaktør Petter Gjersvik i Legetidsskriftet, professor Lars Walløe og prorektor Haakon Benestad ved Universitetet i Oslo.
Medforfattarskap stod på dagsordenen då Forskings-Noreg var samla til dagkonferanse i Forskingsetiske komitears lokale i Oslo fredag. Med forskingsjukset til Jon Sudbø i friskt minne, og debatten som følgde om medforfattarane hadde vore merksame nok, vart følgande spørsmål teken opp til debatt:

Kva skal til for å setje sitt namn under ein vitskapeleg artikkel?

Seks av ti leste ikkje
Professor Magne Nylenna la fram tal frå ei fransk undersøking kor førti forskarar vart dybdeintervjua. Her svarte seks av ti at dei har vore i situasjonar kor dei ikkje leste og kontrollerte sanninga i artiklar dei sto som medforfattarar av. Ei liknande undersøking frå Kroatia syner same tendens.

Vi ser at medforfattarskap er blitt noko ein kan selje for å få noko att. Slik er det, når forskingspengane følgjer dei som publiserer mest artiklar. Men det bør framleis vere slik at det er viktigare å lese vitskaplege artiklar enn å telje dei, heldt Nylenna fram.

LES: - Det må framleis vere slik at det er viktigare å lese vitskaplege artiklar, enn å telje dei, meinte professor Magne Nylenna.
Det finst ingen enkle løysingar på bruken av forfattarskap som smøring. Situasjonen kor den unge forskaren kjem til duk og dekka bord, kor laboratorium og kostbart utstyr står klar til gratis bruk, finansieringa er klargjort, det intellektuelle forarbeidet gjort ferdig – og ein får ingenting att, anna enn ei stjerne i margen og takkebrev. Då er belønninga å bli teken med som deltakande forfattar.

Smøring
Medforfattarskap gjeld fleire enn medisinarar, kunne økonom Erik Nord fortelje.

- Dette fungerer som smøring. Som ung forskar vart eg råda til å tilby etablerte forskarar medforfattarskap. Dette opna dører for meg. Nå, nær den andre enden av karrierelina, konstaterer eg at eg sjølv har vore medforfattar på artiklar kor eg strengt teken ikkje har gjort så særs mykje. Dette er ein del av systemet, slik er det. Og du kan altså ikkje forlange at medforfattarane les alt, ei viss arbeidsdeling må ein ha, meinte Nord.

Erik Nord meiner at det finst tiltak som kan bøte på problema.

- For det første må ein kunne tilby ei form for løn til dei som ikkje oppfyller krava til medforfattarskap. Ein kan til dømes skilje mellom å vere medforfattar og å vere bidragsytar, kor krava for det siste er lågare, sa Nord.

PAUSEDEBATT: Lars Walløe og Magne Nylenna var begge innleiarar under dagskonferansen. Debatten gjekk intenst i pausane.
Nord forslår også å innføre eit standardskjema for medforfattarar, kor ein sjølv spesifiserer eige bidrag, og skriv under til slutt. Dette vil halde mange frå å overdrive eiga innsats, meinte økonomiprofessoren.

Premierer mengd framfor kvalitet
Men er det nok å ansvarleggjere medforfattarane?

- Det er ikkje til å kome bort frå at vi har eit system for forskingsfinansiering som premierer kvantitet – så mange siteringar som mogleg, sa professor Solbakk.

- Finansieringsordninga er slik at universiteta ikkje får pengar for forskingsarbeid kor vegleiarane ikkje står på lista over medforfattarar, heldt Solbakk fram.

UKULTUR: - Kan hende er ukulturen når det gjeld medforfattarskap, større hos medisinarane, undra forskingsdirektør Arvid Hallén.
Andre stadfesta dette synet gjennom å vise til at somme tider må vegleiaren gje beskjed til stipendiatane sine om at dersom han skal kunne halde fram med å drifte dei, er han avhengig av at han vert inkludert som medforfattar på arbeida deira, og kan putte dette på CV’en sin, og slik halde open pengestraumen.

Medisin verst?
- Men, sa direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén. - Det er altså ikkje slik at den medforfattarkulturen vi nå opplever, vart fødd saman med dagens finansieringssystem. Dette handlar også om kulturar. Og her ser vi altså at særleg innan medisinsk forsking har praksisen med medforfattarskap som smøring gått for langt.

Professor Nylenna er samd med Hallén i at medisinsk forsking kan ha eit ekstra stort problem her.

- Medisin er eit praktisk, handlingsorientert fag. Den prinsipielle tenkinga vekkjer ikkje så sterk atterklang hos medisinarane, ein er fokusert på ’a quick fix’, kjappe løysingar på problema.

FAKTA

VANCOUVERTRAKTATEN
seier at medforfattarar skal fylle tre krav for å kunne stå på forfattarlista:

  • Ein medforfattar skal ha gitt et vesentleg faglig bidrag til studien, enten i form av idé og utforming, innsamling av data eller analysering og tolking av data.
  • Alle forfattarane skal kunne stå til ansvar for bestemte deler av manuskriptet. Ein skal ha vore med enten på utforminga av heile artikkelen, eller gått grundig og kritisk gjennom den i etterkant.
  • Som medforfattar må ein også kunne godkjenne den endelege versjonen som skal publiserast.

  • Dårlegare moral?
    - Har forskarane ein dårlegare moral i dag?

    - Det er eit godt spørsmål. I nokon grad er dette eit sjukdomsteikn for vår tid. Tidsånda er meir individualistisk, og i pakt med denne har ein kan hende ikkje den same respekten for objektive reglar og ordningar, og krav om å følgje slike til punkt og prikke.

    - Men i ein situasjon kor medforfattarskap vert nytta som valuta: Er det realistisk å krevje at Vancouvertraktaten vert overhaldt?

    - Det meiner eg så absolutt. Reglane er etterlevbare, og dei er prinsipielt gode. Forskarane må ansvarleggjerast for det dei er med på, seier Magne Nylenna.

    Tekst og foto: Tore Oksholen

    Seminar ved Medisinsk-teknisk Senter på fredag: Juks, uredelighet og god forskning