MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Premie til varslarane (20.3.06, 11:45)

- Kan hende skal vi innføre mekanismar for å premiere varslarane – dei som tek belastninga med å avsløre fuskarane. Det sa Astrid Lægreid under fredagens seminar om juks i forskinga.

- Presset for å publisere er ikkje noko nytt. Men vi må leite etter alternativ, som til dømes premiering av det vi på engelsk kallar ”whistle blowers”, sa Lægreid, som er NTNUs prorektor for forsking.

Debatten som kom i kjølvatnet av forskingsjukset til Jon Sudbø, har vore innom ei rad ulike vinklingar. For ei veke sidan stod medforfattaranes ansvar i fokus under ein liknande seanse i Oslo. Sjå tidlegare artikkel i UA. Denne gangen var det sjølve juksinga, og kva ein gjer for å hindre slikt, som var på dagsordenen.

IKKJE NOK: - Meir etikk er ikkje nok, sa Berge Solberg.
For ein hammar vert alt spiker
Ein ting er å løne dei som avslører. Men kva gjer ein for å få forskarar frå i det heile tatt å tenkje på å ty til fusk?

Leiande røyster i debatten, som etikkprofessor Jan Helge Solbakk ved Universitetet i Oslo og kunnskapsminister Øystein Djupedal, viser til auka undervisning i etikk. Meir undervisning i etiske spørsmål i forskarutdanninga og meir vekt på etikken i praktisk forsking, er ein berebjelke i kampen mot fusk i forskinga.

- For ein hammar vert alt spiker. For ein etikkprofessor vert gjerne svaret meir etikk.

Med dette sparket i retning professor Solbakk sette førsteamanuensis og filosof Berge Solberg retninga i sitt innlegg, som var ein kritisk gjennomgang i resonnementa til dei som trur meir etikk automatisk løyser problema. Solbergs innlegg var delvis basert på notat og innspel til kollega Bjørn Myskja.

Etikk åleine gjer ein ikkje god
- Vi har ikkje grunnlag for å seie at dei som juksar, har mindre etisk medvit enn andre. Poenget med etikk er ikkje å gjere folk gode, sa Solberg.

Det er nemleg ingen automatikk i at berre folk veit det gode, så gjer dei det gode.

- Etikk er verdinøytral. Du får meir innsikt i kva som er rett og gale å gjere, men om du faktisk gjer det rette, er opp til deg sjølv og dei vala du gjer.

EINIGE: - Vi bør kanskje innføre tiltak som premierer varslarane, sa prorektor Astrid Lægreid. Her i passiar med NTNUs "whistle blower", Lars Vatten, når det gjaldt avsløringa av forskingsjukset til Jon Sudbø.
Studentar godtek juks
Ingen lever i eit vakuum. Vi gjer våre val som del av eit fellesskap, så også som forskar. Korleis er miljøet ein arbeider i, kva er dei herskande normene for akseptabel og uakseptabel framgangsmåte?

- Undersøkingar tyder på at norske studentar godtek juks, til dømes for å skaffe seg betre karakterar. Her kan det sjå ut som om vi har eit miljøproblem. Dette må vi vite meir om, sa Solberg.

- Problemet er alle dei som står rundt og ser at keisaren ikkje har klede på seg, men som avstår frå å varsle, sa han vidare.

Dette var Lægreid særs samd i, og det var her at ho ymta frampå om etablering av premiering av varslarane.

Miljø på svindlarens side
Magne Nylenna meinte å sjå tendensar til forbetring her.

- Vi har sett at i situasjonar kor svindel er avslørt, har miljøet stilt seg på svindlarens, ikkje på varslarens, side. Men dette kan sjå ut til å vere i endring.

Professor Nylenna åtvara mot ei svart-kvit tenking når det gjeld kultur versus kontroll. Det er ikkje slik at ein må velje mellom tiltak for å betre antijuksekulturen, eller å innføre ytre kontrollmekanismar mot juks. Svaret er ein god kombinasjon, meinte Nylenna.

Sjølv lista han opp fire tiltak mot juks i forskinga: Ein må vere meir open omkring vitskapleg uærlegdom og ikkje teie slikt i hel; ein må betre forskarutdanninga og fremje det gode førebiletet; ein må dempe publiseringspresset; og ein må ha gode rutinar for oppfølging av mistenkte tilfelle.

Tekst og foto: Tore Oksholen