MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Digital kjærleik (6.5.06, 11:37)

”Kjærlighet og computer” er den norske tittelen på boka til professor Letizia Jaccheri. Med denne boka har ho gitt datafaget ein heilt ny inngang.

GODE ORD: Professor Kjell Bratbergsengen er leiar ved Jaccheris institutt, og nytta boklanseringa som høve til å sei nokre ord om henne.
Det vart folksamt under boklanseringa på Tapir bokhandel torsdag, då den norske versjonen av ”Cuore e computer” vart presentert. Den italienske originalversjonen kom i 2003. Førsteopplaget på 3.000 er nå selt ut.

Eit liv med data
Trass i at Jaccheri knapt har fylt førti, har ho vore med frå dei første datamaskinane vart teken i bruk av vanlege folk tidleg på åttitalet. Ho kjem frå Pisa i Italia, og studerte i Torino. Ho byrja å forelese i informatikk som 26-åring.

Professor Jaccheri har levd med informatikk i heile sitt vaksne fagliv, som vil seie om lag tjue år. Ho har skaping av programvare (”software engineering”) som sitt forskingsfelt. Korleis vert dataprogram bygd opp frå grunnen av, korleis vert brukarar/programmerarar samde om kva for programvare dei treng: Dette er problemstillingar ho arbeider med.

Personleg forteljing
”Kjærlighet og computer” er ei personleg forteljing om Letizia Jaccheri sine to tiår med datamaskinar. Forteljinga startar i det pedagogiske hjørnet, kor ho fortel om eigne forsøk på å forklare grunnleggande omgrep i dataverda for vener og familie. Så nå har skrivaren av denne teksten fått ei basisinnføring i kva det binære innkodingsprogrammet ASCII, og internettprotokollar, er for noko.

Etter kvart vert historia hennar meir personleg, og lesaren får vite meir om samlivet hennar med data.

Eigenterapi
– På ein måte kan du seie at eg skreiv boka som ei form for eigenterapi? Det handlar om å skaffe seg innsikt i eiga kompetanse. Dette er forresten eit viktig mål med Ekspertar i Team, som eg er engasjert i.

- Når det gjeld boka, begynte det med at eg skulle dra til Italia medan eg hadde sabbatsår, men av ulike årsaker ikkje kunne reise likevel. Så kva skulle eg finne på, anna enn å starte opp med undervisinga igjen? Ein dag oppretta eg eit dokument og starta å skrive. Det blei bare slik. Etter kvart innsåg eg at teksten blei eit middel til å finne ut av mi eiga historie. På den tida var eg litt lei av både data og Noreg, fortel ho.

Naturalisert norsking
Den italienskfødde professoren er etter kvart blitt halvt naturalisert norsking. Ho snakkar norsk med toskansk aksent, og kjem nok aldri til å gje opp sitt italienske statsborgarskap, uansett kor mange år ho blir buande i Norge.

Norge har ikkje mange kvinnelege dataprofessorar. At ei av dei er importert frå eit middelhavsland, er neppe tilfeldig. Det fortel professor Reidar Conradi, som var den som inviterte henne hit første gangen.

Fleire datajenter i Italia
– Det er langt fleire kvinner som tek datafag i landa langs Middelhavet, samanlikna med Norge, fortel han.

Jaccheri har sin eigen teori om kvifor der er slik:

– Eg trur det heng saman med at norske kvinner ikkje kjenner noko behov for å vise si makt. Dei har ikkje noko dei vil bevise.

Tekst og foto: Tore Oksholen