(1.1.70, 01:00) AEC er eit europeisk kultur- og utdanningsnettverk som blei etablert i 1953. Organisasjonen har i dag 226 medlemsinstitusjonar i 53 land.
AEC koordinerer samarbeid og forskningsprosjekt som tematiserer internasjonal musikkutdanning. Prosjekta er vanlegvis finansiert av EU-program som til dømes Sokrates eller Erasmus.
Erasmus Mundus er eit nytt program frå EU-kommisjonen. Det er eit samarbeidsprogram for europeiske institusjonar på master-nivå der konsortiar av universitet og høgskular går saman om å tilby ein felles mastergrad.
Mundus Musicalis er eit av prosjekta som fell inn under Erasmus Mundus-programmet. Prosjektet begynte i 2005 og vert avslutta i 2007. Møtet i Trondheim er det einaste som vil finna stad i Noreg. |