NTNU spelar internasjonal førstefiolin
(23.5.06, 06:46) EU-kommisjonen har nedsett ei arbeidsgruppe som har som mål å betra den internasjonale rekrutteringa til utøvande musikkutdanningar i Europa. I dette arbeidet spelar NTNU ei viktig rolle. |
PÅ NETT: - Etablering av nettstaden studyingmusicineurope.org er eit av grepa me gjer for å bidra til ei globalisering av musikkutdanning, seier leiar for AEC, Martin Prchal. |
19.- 21. mai var representantar for internasjonale musikkutdanningar samla i Trondheim med det formål å harmonisera musikkutdanning globalt og auka studentmobilitet.
EU-midler til HF-fakultetet
Prosjektet strekkjer seg over to år, og har fått navnet Mundus Musicalis.
- Trass i at dette er ein beskjeden samankomst, er ikkje ”beskjeden” eit omgrep som passar for dette prosjektet, sa prodekanus ved Historisk-filosofisk fakultet (HF), Annlaug Bjørsnøs då deltakarane var samla i Suhm-huset ved Vitskapsmuseet laurdag.
Mundus Musicalis er initiert av AEC (Association Européenne des Conservatoires, Académies de Musique et Musikhochschulen) under EU-kommisjonens Erasmus Mundus- program.
EU-kommisjonens mål er å auka den internasjonale rekrutteringa til europeiske utdanningar. NTNU har det formelle ansvaret for gjennomføringa av prosjektet. AEC står for dei administrative oppgåvene, men gjennom HF-fakultetet disponerer NTNU midlane frå EU.
Presentasjon av nasjonale system
Prosjektgruppa møttes for første gong i Trondheim i helga. Til byen kom leiarar for musikkutdanningar i Sør- Korea, Brasil, Canada, England, Australia, samt observatørar frå USA.
|
GODT SAMARBEID: Erling Aksdal (t.v.) og NTNU får mykje skryt av initiativtakarane til Mundus Musicalis, her representert ved tsjekkiske Martin Prchal (midten). |
- I denne runden har me presentert våre nasjonale system, og dei institusjonelle særeigenheitene som følgjer med desse. Det er viktig å avdekka kva for strukturelle vanskar som ligg i eit prosjekt som søker den type studentmobilitet som me ønskjer, fortel prosjektleiar Erling Aksdal ved Institutt for musikk.
- Etter kvart vil desse evalueringane munna ut i ei anbefaling for korleis desse vanskane kan overvinnast, og dermed betra forholda for studentar som ønskjer å utdanna seg utanlands, seier Aksdal.
- NTNU ein viktig støttespelar
Til stades i Trondheim var også leiar for AEC, tsjekkiske Martin Prchal. Han har tidlegare vore involvert i fleire musikkprosjekt initiert av EU. Han er full av lovord om NTNUs rolle i Mundus Musicalis:
FAKTA | AEC er eit europeisk kultur- og utdanningsnettverk som blei etablert i 1953. Organisasjonen har i dag 226 medlemsinstitusjonar i 53 land.
AEC koordinerer samarbeid og forskningsprosjekt som tematiserer internasjonal musikkutdanning. Prosjekta er vanlegvis finansiert av EU-program som til dømes Sokrates eller Erasmus.
Erasmus Mundus er eit nytt program frå EU-kommisjonen. Det er eit samarbeidsprogram for europeiske institusjonar på master-nivå der konsortiar av universitet og høgskular går saman om å tilby ein felles mastergrad.
Mundus Musicalis er eit av prosjekta som fell inn under Erasmus Mundus-programmet. Prosjektet begynte i 2005 og vert avslutta i 2007. Møtet i Trondheim er det einaste som vil finna stad i Noreg. | - For at eit slikt prosjekt skal bli vellukka må to føresetnader vera på plass. Ein må ha ein truverdig og god partner. Det har me gjennom NTNU. Men det er også viktig å ha aktørar med ekspertise og ein personleg visjon. Erling Aksdal er ein slik person.
- Kva skjer når dei to åra er over. Korleis skal de evaluera prosjektet i etterkant
- Det er eit godt spørsmål. Dette er eit eingongs-prosjekt slik prosjekt av denne typen er i EU. Me skal utvikla ei nettside som skal gjera det lettare for dei som ønskjer studera musikk internasjonalt, å orientera seg om kva moglegheiter som eksisterer.
- I tillegg ønskjer me ei ekstern evaluering av prosjektet, og har mellom anna invitert observatørar frå National Association of Schools of Music som er AEC sin amerikanske motpart til å komma med tilbakemelding på prosjektet, fastslår Prchal.
Mundus Musicalis sitt neste møte vert i Montreal til hausten. Arbeidsgruppa skal også møtast i Sør Korea og Brasil. Prosjektet vert avslutta hausten 2007.
Tekst: Pål Vikesland
Foto: Kjell Einar Barsnes |