MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Trøndersk teknologi varmar Japan (30.5.06, 12:08)

For tjue år sidan tok NTH-professor Gustav Lorentzen til orde for å bruka naturenes eigne ”arbeidshestar” i kjøleanlegg og varmepumper i staden for miljøskadelege kjemikalier. I Japan i dag vert det nytta ein halv million varmepumper basert på CO2- teknologi som såg dagens lys i Trondheim.

EIN HALV MILLION: - Det finnes i dag 480.000 tappevassvarmepumper i Japan, som er basert på Gustav Lorentzens idè, sa Kazutoshi Kusakari frå TEPCO.
28. – 31. mai arrangerer Det internasjonale kjøleinstituttet (IIR) den sjuande Gustav Lorentzen konferansen i Trondheim. Arrangementet er kome heim.

Big In Japan - I 2010 reknar me med at om lag 5,2 millionar menneske vil bruka vasspumpene som blei utforma her i Trondheim. I dag er ulike variantar av desse også så vidt begynt å tas i bruk ved sjukehus, sportsarenaer og restaurantar, sa Kazutoshi Kusakari frå Tokyo Electric Power Company (TEPCO) under åpningssesjonen på Gløshaugen måndag.

Kusakari er ein av dei omlag trehundre ekspertane og fagfolka frå heile verda som denne veka har tatt turen til Trondheim for å diskutera miljøvenleg kjøling. Og han var svært positiv til den trønderske innovasjonen.

VIKTIG: Børge Brende og sjef for Det internasjonale kjøleinstituttet Didier Coulumb er glade for at Gustav Lorentzens arbeid blir ført vidare.
- Undersøkingar viser at nitti prosent av brukarane er fornøgde med produktet, og vil anbefala pumpene til andre, fortalte han.

-Klimaendringane skjer no På plass i Realfagsbygget måndag var også tidlegare miljøvernminster Børge Brende. Stortingsrepresentanten frå Høgre, som no sit i energi- og miljøkomiteen, meinte verdien av Lorentzens arbeid for eit meir miljøvenleg energiforbruk ikkje kan overvurderast.

- Klimaendringane skjer på dørstokken vår akkurat no. Nordpolen som er i ferd med å smelta er eit døme på det. Difor er det utruleg viktig når me ser at Gustav Lorentzens arbeid og visjonar lever vidare, sa han

FRAMTIDA ER HER: I EU ser et ut til å verta forbod mot kjemikalier i klimaanlegg for alle nye bilmodellar frå 2011. Det foretrukne alternativet vert høgst sannsynleg CO2.
EU førebur i desse dagar eit påbod som seier at alle nye bilmodellar skal ha klimaanlegg utan dagens kjemikalier. På Gløshaugen måndag fekk me sjå ein testbil i form av ein Audi A4 med CO2-basert klimaanlegg. EU-kommisjonens Peter Horrocks viste fram bilen til Brende som var i det lunefulle hjørnet.

- Me følgjer sjølvsagt alle direktiv som kjem frå Brüssel, så eg ser fram til å prøva denne bilen, smilte han.

- Konkurransedyktig teknologi Professor Pega Hrnjak frå Universitetet i Illinois fortalte om CO2 – teknologiens historie, samtidig som han kikka mot framtida og utfordringane denne inneber.

FAKTA

GUSTAV LORENTZEN

  • var professor ved NTH. Han døyde i 1995, 80 år gammal.
  • Forskningsmiljøet i Trondheim var mellom anna først ute med å visa at CO2 kan erstatta kjemikalier i bilars klimaanlegg utan at drivstoff-forbruket aukar.
  • Det er sjuande gong at ”The Gustav Lorentzen conferance on Natural Working Fluids” vert arrangert. Det er første gong i Trondheim er vertsby for arrangementet.
  • Konferansen vert arrangert anna kvart år. Neste gong er i 2008 i København.

  • - For ti år sidan var CO2-teknologi ei tapt sak. Det er ikkje tilfelle i dag. Teknologien har vist seg å vera meir enn konkurransedyktig. Utfordringa blir å redusera kostnadane ved bruk av slike system. For me må innsjå at bedrifter i næringslivet ikkje vil berre vil tenka miljø. Difor gjeld det å gjera systemet så enkelt og billeg som mogeleg, slik at enno fleire aktørar ønskjer å nytta seg av denne teknologien. For dei som vinn på at CO2- teknologi får fotfeste er menneska, konkluderte Pega Hrnjak.

    Ein av aktørane som har annonsert at dei ønskjer å benytta seg av CO2- teknologi, er brusgiganten Coca Cola. Dei aktar å bruka den i sine butikk-kjølarar verda over.

    Tekst og foto: Pål Vikesland

    Neste Gustav Lorentzen konferanse