Frå sivilingeniør til finansjournalist på ein dag
(2.6.06, 11:13) Når Gøril Forbord leverer diplomoppgåva si i industriell økonomi ventar draumejobben på ho dagen etter. I næringslivsjournalistikken. |
- Eg er mest spent på korleis sakene vert jobba fram og om eg får eige kontor, seier Gøril. |
- Eg gav meg sjølv to månader til å søka på jobbar knytta til journalistikk. Det var dei annonsene som snakka mest til meg. Etter det hadde eg tenkt å søka på noko som var relevant for utdanninga mi, smiler Gøril.
Gøril Forbord valgte den minst farne vegen. Og det har gjort heile skilnaden. For heilt vanleg er det ikkje. At sivilingeniør-studentar gjer seg ferdig med utdanninga ein dag, for så å begynna i fast journalistjobb dagen etter.
Men for 27- åringen frå Hønefoss vert dette no ein realitet. Den 12. juni leverer Gøril diplomoppgåva si i industriell økonomi og teknologileiing. 13. juni ventar arbeidslivet i Oslo. Då begynnar ho som nyheitsjournalist i Finansavisen.
”Initiativrik ung kvinne”
Då Gøril som nyvalgt Samfundetleiar, blei portrettert i Under Dusken i 2004, avslørte ho at draumejobben var å bli journalist i reportasjeavdelinga i Dagens Næringsliv. Draumen har endra seg, men berre litt:
- Ja, no er visjonen å laga ein reportasjeavdeling i Finansavisen, ler ho.
FAKTA | GØRIL FORBORD
Alder: 27 år
Sivilstatus: Kjæreste
Bakgrunn: Leverer si diplomoppgåve i industriell økonomi 12.juni. Har tidlegare jobba som journalist i Universitetavisa og vore reportasjeredaktør i Under Dusken. I 2004/ 2005 var ho leiar for Studentersamfundet. 13.juni begynnar ho i sin nye jobb i Finansavisen der ho skal jobba som nyheitsjournalist. | - Det eg likar med Finansavisen er at dei skriv sabla godt om det dei kan. Ingen kan seie at dei ikkje har peiling på økonomi og næringsliv. Eg les leiarartiklane til Trygve Hegnar, og han kjem jo jaggu meg med nye kloke innspel kvar einaste dag. Eg er heilt imponert.
Det var i februar ho såg stillingsutlysinga. Finansavisen søkte nye krefter. Og sidan ho framleis var innanfor si sjølvpålagte ”to-månadersgrense” sendte ho ein søknad.
- Eg vart kjempeglad berre for å få komma på intervju, men at eg skulle få jobben hadde eg aldri trudd. Etterpå fekk eg ein e-post som var sendt ut til redaksjonen; og det sto at dei hadde hadde tilsett ei ”initiativrik ung kvinne”. Det var ganske flott. Eg er vel kanskje initiativrik når eg tenker etter…
- Bratt læringskurve
Finansavisen har nok rett. Gøril Forbord er initiativrik. Ho har budd i Trondheim i sju år. På den tida har ho, i tillegg til å studera, jobba som nyheitsjournalist og reportasjeredaktør i Under Dusken, vore med i forfatterkollegiet for revyen ved UKA-03, vore leiar for Studentsamfundet og jobba som journalist i Universitetsavisa.
- Det var nok i Under Dusken at læringskurva var brattast. Eg hadde heilt gløymt at eg likte å skriva. Videregåande tar heilt knekken på skrivelysta. Huskar eg satt på eksamen og skreiv om spelegalskap. På nynorsk! Det er jo ikkje noko moro. Men då eg begynte i Under Dusken kom lysta tilbake, fortel ho. Engasjert no.
|
- I Finansavisen verka dei ikkje så opptatt av at eg hadde vore leiar for Studentersamfundet, men for mi personlege utvikling var det eit fantastisk år. |
Forbanna på samlokaliserings-nei
Engasjement er forresten av Gøril Forbords mest iaugefallande trekk.
Ho er glad i byen ho no skal forlata. Og ho er glad i sitt NTNU. Difor vart ho svært overraska og skuffa 10.mai då NTNU.styret vedtok å skrinleggja planane om eit samla universitet på Gløshaugen.
- Kva var det som skjedde i den samlokaliserings-saka. Rektor snudde jo på dagen. Det kan neppe ha vore noko overraskande at eit slikt prosjekt ville kosta pengar. Men når styret ikkje ein gong vil be om støtte, kan dei sjølvsagt ikkje rekna med å få det.
- Det var eit stort prosjekt, der NTNU hadde mulegheiten til å visa at dei hadde ambisjonar. Den sjansen greip dei ikkje. Og det syns eg er veldig synd …
- Eller rettelse… eg blir rett og slett forbanna. Det verste var at motstandarane ikkje hadde eit godt argument for ei to-campusløysing. Dei var berre opptatt av kvifor ei samling ikkje var ein god idè, seier ho, før ho lattermildt avslører ei litt meir sjølsentrert haldning til spørsmålet som har prega universitetsmiljøet i lang tid.
- I tillegg hadde det jo passa bra å få gjort nokre saker om samlokalisering i Finansavisen. For NTNU-systemet kjenner eg godt til etter kvart, og i slike saker kunne eg fått brukt kunnskapane mine, smiler ho.
Når ein blir sjuogseksti …
Om ikkje Gøril Forbord får skriva spaltemeter om eit samla NTNU, trur ho likevel ho får god bruk for utdanninga si i den nye jobben.
- Ja, trur du det først og fremst var utdanninga di som gav deg jobben, eller var det journalisterfaringane dine som blei avgjerande?
- Ja, det er eit godt spørsmål. Eg kunne nok ikkje ha vore nokre av erfaringane for uten. Eg har ei forholdvis tung utdanning som fundament, og kan nok til dømes meir mattematikk enn ein del andre økonomar i næringslivsjournalistikken. Dette, i kombinasjon med skriveglede og litt journalistisk erfaring, meinte Finansavisen tydlegvis kunne bli til noko bra …
|
- Eg kjem nok ofte på trondheimsbesøk, ja, seier den nytilsette nyheitsjournalisten i Finansavisen. |
Ho vert plutseleg litt beskjeden.
- … eller dei meinte vel eg hadde potensiale, kanskje. Noko må det no ha vore. For eg trur det var fleire søkjarar enn meg, undrar ho.
- Så utdanninga har ikkje vore forgjeves altså?
- Hehe, nei, definitivt ikkje. Eg trur uansett det er viktig for journalistikken at det er rom for slike med bakgrunn som min. Eg kjem ikkje rett frå journalisthøgskulen, men har anna kunnskap som kan komma til nytte. Det kan fort bli uinteressant stoff dersom alle skal ha dei samme erfaringane og impulsane, meiner Gøril.
Og sjølv om det blir trist å flytta frå byen ved Nidelvas breidd, gledar ho seg voldsomt til å begynna på sitt nye liv i hovudstaden.
- Ja, det blir utruleg kjekt. Og eg likar meg i Oslo. Det er seks månaders prøvetid i jobben. Dersom det går bra, så er pensjonsalderen 67 år. Tenk, det sto det i kontrakten. Pensjonsalder 67 år. Det var først då eg skjønte at eg hadde fått fast jobb, seier Gøril Forbord. Snart sivilingeniør, snart journalist.
Tekst og foto: Pål Vikesland |