Leiken kreativitet
(15.6.06, 10:43) På Vitensenteret skal ei leiketøysutstilling sett saman av nyskapingsguru Ed Sobey sikra framtidige trønderske oppfinningar. |
NOSTALGI PÅ IS: I 1939 tok ein svensk oppfinnar med seg sitt nye leiketøy til bedrifta Arstospel. I 1957 lanserte konkurrenten Stiga ein liknande variant som snart kom til å dominera marknaden. Resten er leiketøyshistorie. Bankebrettet som Brio utforma, kom òg i 1957. Bankebrettet, som vi skimtar til venstre i biletet, er mellom anna med på å betra borns koordinasjonsevne. |
Leik, kreativitet og nysgjerrigheit skal stå i høgsetet på Vitensenteret i om lag tre månader framover. 14. juni opna utstillinga Toy Tech.
Søker framtidas Petter Smart
”Dei beste leikene vekker kreativitet og gjev utløp for vår oppfinnartrong”, heiter det i omtaleskrivet for utstillinga. Og dette er fundamentalt for Vitensenterets framvisning.
- Me vekker til live ein gammal pedagogisk idé, og ønskjer å på sikt å oppleva ei auke i talet på oppfinnarar i Norge. Eksperimentet med stor ”e” er fokus for denne utstillinga, og me håpar dette kan bidra til å i større grad innføra eksperimentet i grunnskulen, seier dagleg leiar for Vitensenteret Atle Kjærvik.
Utstillinga er todelt. I det eine rommet kan publikum skua kjente og kjære leiker som alle har blitt resultat av kreative sjelers uortodokse tankeverksemd. Bankebrettet, ishockeyspelet, pyramidespelet og togbana er blant oppfinningane som er å sjå på senteret for aha-opplevingar.
- Men det er andre del av utstillinga som er essensen i Toy Tech. I verkstaden kan borna sjølv undersøka og bygga leiker som dei kan ta med seg heim. Det er her framtidas oppfinnarar skal få boltra seg, fortel Kjærvik.
|
SKAPANDE PROFESSOR: - Artige leiker gjev høve til å gjera interessante oppdagingar, som igjen fører til at born kan utvikla nye ferdigheiter, seier professor Ed Sobey. |
Frå smelta sjokolade til mikrobølgjeovn
I 1946 dreiv ingeniøren Spencer Percy å jobba nær ein radar som var i drift. Då oppdaga han at sjokoladeplata han hadde i lomma smelta. Percy stoppa opp arbeidet. Og stilte spørsmål. Kvifor smelta sjokoladen i nærleiken av radaren? Fordi Percy stilte dette spørsmålet kan me i dag laga oss popkorn i mikrobølgjeovnen.
Det er denne typen nysgjerrigheit mannen som har laga utstillinga, den amerikanske professoren Ed Sobey frå Seattle, ønsker å vekka hos dei som tek turen til Vitensenteret dei neste månadane.
- Det er borna som er ekspertar på leikar. Når dei får bygga sine eigne leikar blir det kjekkare og meir utfordrande enn dersom dei berre får leikene rett i hendene, seier Sobey.
Han utdjuper:
- Det er eit dårleg leiketøy når ungane ender opp med å leika med øskja det kom i. Då er det meir spennande å sjå kva dei får ut av litt papp, ei saks og ein teipbit. Då stiller dei seg spørsmålet ”Kva kan eg få ut av dette”.
- Så utbyttet for borna vert rikare dersom dei så og seia får laga sin eigen bruksanvisning?
- Ja, heilt klart. Dei vert stilt overfor eit problem, men lærer seg at problemløysing kan vera gøy. Kreativiteten dette utløyser vil borna nytta svært godt av seinare, forklarer Sobey.
|
EUREKA! Kanskje er dette starten på ei eller fleire lysande oppfinnarkarrierer? |
Ekspert på barnleg skapartrong
Den amerikanske professoren er ingen kven som helst på området kreativitet, innovasjon og entreprenørskap.
Han kallast ofte ein "global evangelist" for kreativitetsbasert læring, og han har skrive seksten bøker som i hovudsak set fokus på korleis vitskap og nyskaping heng saman.
Sobey er mellom anna grunnleggjar av National Inventors Hall of Fame. Den leikne professoren har dessutan vore programleiar for det populære programmet The Idea Factory, og han reiser no verda rundt som skapar av utstillingar som Toy Tech, og held workshops for born, ungdom og lærarar.
Tekst og foto: Pål Vikesland |