Lågare sjukefråvær og færre ulukker ved NTNU
(29.6.06, 10:02) NTNU sin årsrapport for helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet for 2005 viser at sjukefråværet ved universitetet er lågare enn i landet for øvrig. Eit av NTNU sine uttalte mål er at institusjonen skal sørgja for at tilsette og studentar har gode, trygge og personlegheitsutviklande oppgåver i eit arbeidsmiljø som stimulerer dei til å vera kreative, konstruktive og kritiske.
Fokus på helse, miljø og sikkerheit er av tiltaka som skal bidra til dette. HMS-rapporten for 2005 er no klar.
Rutinene verkar
Rapporten består av fire deler. Første del består av to bolkar. Det vert gitt ei oversikt over aktivitetar og tiltak som er organisert frå og drive av NTNU sine stabsavdelingar. Denne delen består óg av ei oversikt over måletal for HMS som sjukefråvær og ulukkesstatistikk.
Desse visar synkande førekomst ved NTNU. Dette vert sett på som ein indikasjon at rutinane verkar.
Det vart innrapportert totalt 49 meldingar om uønska hendingar i 2005. Året før var talet 43, medan det i 2003 og 2002 var henholdsvis 75 og 63.
Lågt sjukefråvær
Talet på fråværsdagar som følge av arbeidsrelaterte skader var i 2005 91 dagar. Tilsvarande tal for året før var 380.
I 2003 blei Avtale om inkluderande arbeidsliv (IA) inngått. NTNU sitt hovedmål har i denne sammenheng vore å auka nærværet til alle tilsette ved universitetet.
Statistikk over legemeldt sjukefråvær, henta frå Rikstrygdeverkets database, vert sett på som ein indikator på at NTNU lukkast i dette arbeidet.
Sjukefråværet har gått jamt nedover sidan 2001, og er lågare enn gjennomsnittsfråværet i resten av landet. I 2005 var det legemeldte sjukefråværet ved NTNU 3,3 prosent.
Tilsvarande tal frå undervisning og statleg forvaltning er på henholdsvis 5,8 og 5,4 prosent. I heile landet er det gjennomsnittlege legemeldte sjukefråværet for 2005 5,8 prosent.
Det kjem fram at årsakene til det låge sjukefråværet er samansette. Jamt fokus på sjukefråværsarbeidet gjennom IA-avtalen, målretta arbeid ved alle einingar, samt ein del endringar i regelverket, vert sett på som nokre av grunnane.
Eigne tiltak retta mot studentar
Andre del av rapporten er eit samandrag av årsrapportar henta inn frå ulike einingar tilknytta NTNU.
Desse einingane er dei sju fakulteta, Vitskapsmuseet, Teknisk avdeling, Sentraladministrasjonen, Universitetsbiblioteket og BIBSYS. Det er desse samanfatningane som dannar grunnlaget for årsrapporten.
I denne delen kjem det mellom anna fram at nesten alle einingar har arbeid med HMS som ein integrert del den øvrige verksemda. Dei fleste einingane rapporterer at dei har hatt ulukker eller uønska hendingar i 2005, og at det har blitt innført forbetringstiltak som konsekvens av desse.
Det kjem óg fram at dei einingane som er i kontakt med eller yter tenester overfor studentar, har eigne HMS-tiltak retta mot studentane.
Tiltaka inkluderer mellom anna førstehjelpskurs, brannkurs, og praktisk opplæring knytta til arbeid i laboratorium og verkstader.
Forslag til forbetring
I siste del av årsrapporten vert det lansert ei rekke tiltak mot vedtatte mål for arbeidet i 2006, basert på erfaringane ein har gjort seg frå året før.
Nokre av tiltaka som vert foreslått for å betra HMS ved NTNU for 2006 er mellom anna, i prioritert rekkefølgje:
Å implementera ei revidert HMS-handbok
Å implementera nytt elektronisk stoffkartotek
Å implementera miljøleiing og sørgja for oppfølging av mål og tiltak fremma i Miljøleiingsprosjektet
Å utvida opplæringstilbodet ved HMS-seksjonen
Sørgja for organisering og finansiering av prosjekt for sikker handtering og avhending av gamle og farlege kjemikalier
Sørgja for sentral organisering og finansiering av førstehjelpskurs
Av Pål Vikesland |