Uninett vert sparegris for NTNU
(28.6.06, 10:11) Uninett har på vegne av universitets- og høgskulesektoren forhandla fram innkjøpsavtalar på pc-ar, serverar og skjermar til ein verdi for over hundre millioner kroner. IT-sjef Roar Aspli ved NTNU er godt fornøgd. Det er første gong sektoren samla har gått ut med forespørsel om tilbod på pc-utstyr. Ei rekkje høgskular og universitet har deltatt i arbeidet om å få i stand felles innkjøpsavtalar. Interessa blant leverandørane har vore stor.
- Samla utgjer sektoren ei stor brukargruppe og me forventa å få gode vilkår i marknaden, noko me har oppnådd med fleire leverandører, seier økonomileiar Lars Skogan i UNINETT.
FAKTA | UNINETT
Uninett driv nett og nettenester for universitet, høgskular og forsknings-institusjonar, samt at det håndterer andre nasjonale IKT-oppgåver.
Konsernet vert eigd av Kunnskaps-departementet. Uninett består av morsselskap og fire dotterselskap, alle med felles kontor i Trondheim.
Morsselskapet Uninett står for drift og utvikling av det norske forskningsnettet som bind saman norske utdannings- og forskningstenester, og knyter dei opp mot internasjonale forskningsnett.
Uninett hadde ei samla omsetning i 2005 på 164 millioner kroner. | NTNU sparer om lag eit kvart årsverk
IT-sjef Roar Aspli ved NTNU peikar på den økonomiske gevinsten ei slik ordning fører med seg for universitetet:
- Når Uninett har forhandla fram ein slik avtale, så slepp me å gjera det. Det er veldig bra. Skal eg tenka litt høgt vil eg tru at me sparar om lag tre månadersverk på å sleppa å laga anbud, estimerer Roar Aspli.
Likevel ønskjer ikkje IT-sjefen å konkretisera korleis NTNU skal ta i bruk Uninetts avtale. Til det er den foreløpig for fersk.
- Me har akkurat motteke tilbodet. Det er mange leverandørar som er involvert i avtalen. Me vil til dømes foreta ei nøye vurdering i forhold til leveranse, service og tidlegare erfaringar når me skal bestemma oss for korleis me kjem til å benytta ordninga, fortel Aspli.
- Me har óg avtalar som gjeld framleis, så det er ikkje kritisk dersom me ikkje bestemmer oss umiddelbart for korleis me skal forhalda oss til overeinskomsten som Uninett har inngått, utdjuper han.
Tilbyr studentane pakkeløysing sjølv
For NTNU har óg forhandla fram avtalar på eiga hand. Frå hausten av vil nye og gamle studentar få tilbod om ei pakkeløysing som inkluderer bærbar pc, programvare og installeringshjelp.
Leverandøren er IBM, og prisen vil verta på eit beløp pålydande 12.000 kroner. Da er programvare inkludert.
- Me spurte ulike leverandørar kva me kunne få for 11.000 kroner, og valgte å benytta oss av IBM sitt tilbod. I valet var låg vekt og stor batterikapasitet avgjerande. Pakkeløysinga me no kan tilby studentane er svært god, seier ein fornøgd IT-sjef Roar Aspli.
Av Pål Vikesland |