- Medforfattarane ikkje skuldige i juks
(30.6.06, 15:25) Medforfattarane er ikkje skuldige i juks. Det slår kommisjonen som har granska forskingsjukssaka, fast i rapporten som blei offentleggjort i fredag. Prorektor Astrid Lægreid er glad rapporten no er komen og set pris på at konklusjonen er så klar. NTNU som institusjon får ikkje kritikk av kommisjonen. Etter nær eit halvt års gransking la kommisjonen leia av Anders Ekbom, fram rapporten sin for ålmenta fredag. Kommisjonen vart nedsett etter at ein forskar på Rikshospitalet-Radiumhospitalet innrømte å ha basert ein vitskapeleg artikkel på fiktive data. Kommisjonen har granska alle dei vitskapelege arbeida til forskaren, inkludert rollen til alle medforfattarane. I rapporten vert det slått fast at det ikkje finst haldepunkt for at: ”.. andre, herunder noen av medforfatterne, har vært med på manipulasjon og fabrikasjon av forskningsdata eller på annen måte gjort seg skyldig i vitenskapelig uredelighet.”
Klare konklusjonar
- Det er godt at konklusjonane er så klare, seier prorektor Astrid Lægreid. Ho er også nøgd med at kommisjonen klarare definerer kva ein medforfattarskap inneber. I rapporten heiter det: ” Å være medforfatter innebærer imidlertid ikke at man ved å akseptere (med)forfatterskap, nærmest skriver under en kontrakt, og står ansvarlig for at absolutt alle sider ved det som står i publikasjonen er korrekt. En slik fortolkning har ikke noe grunnlag eller legitimitet i dagens virkelighet, heller ikke i gjeldende versjon av Vancouver-reglene, jf. kravet om ansvar for ”passende deler”.
– Dette er ei nyttig avklaring for fagmiljøa, seier ho.
Slutt og start
Granskingskommisjonens rapport gjer at NTNU no kan leggje denne konkrete saka bak seg, men Lægreid presiserer samstundes at det no vil bli sett ytterlegare fokus på generelle forskingsetiske problemstillingar.
– Dette er ei utfordring for heile det vitskapelege miljøet i Norge. Forskingsjukssaka har vist kor naudsynt det er å halde denne debatten levande i alle forskingsmiljø og ha sterk fokus på både kontroll og kultur, seier ho.
Av Christian Fossen |