MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Lykke ut av rekkja går (3.7.06, 13:39)

Ei epoke er over. Sidan 1972 har han hatt eit nært forhold til universitetsmiljøet i Trondheim. No går assisterande universitetsdirektør Peter Lykke av med pensjon.

Peter Lykke (snart 68) har hatt si siste økt ved NTNU. No skal det bli meir tid til kone, fire barn og ein skokk med barnebarn.
Foto: Pål Vikesland
- Eg har mykje å sjå fram til. Eg har ein stor familie og helsa er god. Eg har som gamal speidar gått mykje på tur somar som vinter, og gledar meg til vinteren når eg kan ta meg ein skitur på blanke føremiddagen ein heilt vanleg kvardag. Det skal bli godt å få bygga opp att litt kondis, smiler Peter Lykke

- Så du er ikkje vemodig altså?
-Nei, faktisk ikkje. Eg har det ypperleg. Før eg kom til denne intervjuavtalen har eg beisa ein bod, og i 4 dagar skal eg ta ein tur på hytta med kone, barn og barnebarn. Når ein har hytte og hus, og hobbiar, har ein alltid noko å driva med.

Travle år
Og godt er det. For den ferske pensjonisten er definitivt ikkje vant til å vera arbeidslaus. Lista over arbeidsgjevarar og styreverv er lenger enn lang. Både innan- og utanlands. Han har mellom anna jobba for Europarådet i Strasbourg og vore spesialrådgjevar for OECD i Paris. I seks år var han universitetsdirektør ved Universitetet i Aalborg. Sidan 1997 har han vore assisterande universitetsdirektør ved NTNU, og i perioder har han også vore direktøren. Her har han vore ansvarleg for ei rekkje store prosjekt, mellom anna innføringa av kvalitetsreformen ved NTNU. Det var krevjande arbeid.

RYDDAR KONTORET: Det har samla seg mykje papir opp gjennom åra for Lykke. Lykke har hatt mange oppgåver for NTNU. For departementet har han dessutan i fem år leia ”Lykke-utvalet”, som ga departementet råd om finansiering av norske studerande i utlandet, og utvekla ei ny politikk på feltet.
Foto: Pål Vikesland
- Det var litt av ein jobb, ja. Men eg er fornøgd med korleis det har gått. Me nytta høvet til fleire andre naudsynte endringar, som til dømes å lage ei sams studieforskrift; ikkje enkelt med så ulike tradisjonar med hadde mellom dei tekniske faga, medisin og dei allmennvitskaplege faga. Me har mellom anna utvikla eit systematisk kvalitetsutviklingsarbeid, innført ein ny gradsstruktur med målgjevne studieprogram og emner, utvida Eksperter i Team til heile NTNU, fått utvida semester og fått meir problembasert læring og undervegsvurderingar inn i studiane.

Det var verkeleg ein heiltidsjobb. Me har framleis litt å gå på ein del område, som til dømes å utvikla meir tilrettelagte og kollisjonsfrie studieløp og gode nok utdanningsplanar som dei ansvarlege kan nytte betre i planlegginga i ein del studier, og det står att mykje med omsyn til internasjonaliseringa for dei tilsette, både vitskaplege og teknisk-administrative. Har saknar eg systematisk peronalutviklingsarbeid. Men trass i dette, synes eg me har gjort ein god jobb i innføringa av kvalitetsreforma, forklarer Lykke

- Eg er òg svært fornøgd med samarbeidet eg har hatt med universitetsdirektør Per Ivar Maudal. Det har vore fint, skyt han inn.

Brukte sin kunnskap på pappa Djupedal
Då Peter Lykke som ung student skulle legga sine framtidsplanar, var det jusstudiet som freista mest. Jussbakgrunnen har han brukt svært godt. I 1973 hadde han vore tilsett ved Universitetet i Trondheim i eit år. På dette tidspunkt var han innleidd for ein treårsperiode av Noregs Lærarhøgskule som administrativ leiar.

Styremøta kunne vera langdryge affærar bada i sigarrøyk. Når forslag var oppe til avstemming, hendte det at medlemmer som var usikre i ei sak stemte avhovdande. Særleg hadde professor Reidar Djupedal ein tendens til å stemma slik. Det bidrog ikkje akkurat til at møta vart kortare. Peter Lykke tok ansvar.

UTVAL: Lykke har vore med på ei og anna omorganisering ved NTNU. I Orgut-prosjektet satt han i arbeidsutvalg for styringsgruppa saman med Per Morten Schiefloe og Roar Arntzen.
Foto: NTNU Info/Mentz Indergaard
- Eg gjorde styret merksam på at regelverket var slik at det ikkje var lov å stemma avholdande. Når eit forslag låg oppe til avstemming måtte styremedlemmene stemma ”ja” eller ”nei”. Så eg la fram eit forslag til reviderte vedtekter som klargjorde dette.

Vedtektene blei vedtatt. Mot ei avholdande stemme. Den tilhøyrte professor Reidar Djupedal.

Rosenborg meir kjent
Peter Lykke er svært glad i sitt NTNU. Men han er ikkje navlebeskuande på universitetets vegne av den grunn. Tvert i mot. Han løfter blikket utover landegrensene. Det har han alltid gjort. Då NTNU saman med fylkeskommunen, Trondheim kommune, HiST og HiNT i eit omfattande OECD-prosjekt skulle utgreie korleis ein kan medvirke til at universitet og høgskular best muleg kan bidra til regional utvikling, var det Peter Lykke som koordinerte arbeidet i Trøndelagsregionen. Han hadde som styremedlem i eit OECD program vært med å sette i gang prosjektet. For NTNU skal vera blant dei flinkaste i klassen også internasjonalt, meiner han. Men det er eit stykke igjen.

- Då eg var i Aalborg, som óg har sivilingeniørutdanning, erfarte eg at Rosenborg var meir kjent enn NTH, sjølv på Universitetet. Men det betra seg, ler han

STORT BESØK: Peter Lykke førebur seg til keisarbesøk i 2005.
Foto: NTNU Info/Arne Asphjell
Kompetanseutveksling
Den ferske pensjonisten meiner kompetanseutveksling er av grepa som kan gjera NTNU til ein utdanningsinstitusjon i den internasjonale toppklassen.

- Eg trur at dersom NTNU skal bli eit internasjonalt leiande universitet så bør fleire av våre tilsette søkja jobbar utanlands i periodar, for på den måten å skaffa seg og NTNU verdfull nettverk og kunnskap frå internasjonale forskningsinstitusjonar. Og så må me få fleire internasjonale forskarar til å jobba her i periodar. Dette vil gjera oss svært godt på lang sikt.

- I slike tilfelle er det mange praktiske saker som må løysast. Kva med familien, jobb og skole? Busituasjon må ordnast og arbeids- og opphaldsløyve må innvilgast. Slike utfordingar må Trondheim kommune og skattemyndighetene løysa meir smidig og i større grad enn dei er i dag, meiner han.

Han er ein beherska mann, Peter Lykke. Det kjem ikkje mange ukontrollerte raseriutbrot frå den kanten. Likevel klarar han ikkje heilt å dy seg for å koma med endå eit lite stikk til kommunen.

- Kommunen bør skjønna at også den tener på tiltak som tener universitetet. I staden for å vikla seg inn i diskusjonar om at studentar bør melda adresseendring og betala skatt til Trondheim. Studentane legg jo att enorme pengesummar i byen uansett, påpeiker han.

STYREMØTE: Peter Lykke har som assisterande universitetsdirektør også deltatt på mange styremøte. Frå venstre Beate Reinersten, Peter Lykke, Per Ivar Maudal, Christian Thommessen og Eivind Hiis Hauge.
Foto: NTNU Info/Arne Asphjell
Og utdjupar: - Og i samlokaliseringssaka verka det som Trondheim kommune var interessert i eincampus-løysinga, fordi dei då fekk sjansen til å rusta opp Elgsetergate som jo er byens mest forureina gate.

- Samlokaliseringsprosessen ikkje god nok
Samlokalisering, ja. Det er vanskeleg å koma utanom vårens heite potet i universitetsmiljøet. Det er snart gått to månader sidan NTNU-styret, overraskande for mange, sa nei til eincampus-løysinga sentrert rundt Gløshaugen. Og sjølv om den assisterande universitetsdirektøren ikkje hadde ein sentral rollen i prosessen, gjer han seg sine tankar om kva som gjorde at det gjekk som det gjekk.

- Prosessen var ikkje god nok. Det ser me i ettertid. Me var ikkje flinke nok til å nytta oss av den kompetansen me har internt på NTNU. At ikkje erfaringar og synspunkt frå til dømes Læringsmiljøutvalet, som har ansvar for nettopp det, læringsmiljøet, vart tatt meir med i prosessen, var feil, forklarer han, som sjølv satt i LMU.

Han meiner likevel at det låg i korta at vegen kunne bli noko kronglete, og peiker på forhold lenger tilbake i tida som årsak til det.

- Den største hinderet for fagleg integrasjon har ikkje vore at Gløshaugen og Dragvoll geografisk sett ligg eit stykke frå kvarandre. Det største problemet har vore ulike faglege tradisjoner og fagfordelinga mellom campusene, som har gjort polariseringa i største laget. Då sjukehuset hamna på Øya, IT-fag hamna på Gløshaugen og også Realfagbygget vart bygd her, ja, då var alle politisk tunge fag sentrert i sentrum. Dette medan alle dei sokalla mjuke faga var på Dragvoll. Det er godt at me har kunstneriske fag begge stader.

Framtida er lys
Litt misnøye med samlokaliseringsprosessen til trass, Peter Lykke trur framtida ser lys ut for NTNU.

- Ja, den gjer det. Forholdet mellom strategiplan og handling samsvarer etter kvart langt betre. NTNU har ein klar visjon og ein klar profil. Slik har det ikkje alltid vore. Med sterkt fokus på fagleg utvikling trur eg NTNU vil gjera det svært godt i tida som kjem, seier den avtroppande assisterande universitetsdirektøren.

Før tida renn i frå oss. Og Peter Lykke låser kontordøra si for siste gong. No ventar hytta og familien.

Av Pål Vikesland