MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Slaget som går verda over (3.7.06, 15:08)

NTNU-studenten Erling Ellingsen har laga eit dataprogram som vekkjer internasjonal oppsikt.

Erling Ellingsen får merksemd for sin datakunnskap.
Arkivfoto: NTNU Info/Arne Asphjell
Informatikkstudenten Erling Ellingsen (27) jobbar for tida som programmerar for Silicon Valley-firmaet Medallia i California. Ein heilt vanleg onsdag i mai fekk han ein idé. Ein god idé.

Uortodoks datavald
- Eg hadde fått ny laptop, og hadde det litt trongt på skjermen, sidan eg er vant til å ha to store skjermar kopla saman. Det fins eit program som heter Desktop Manager. Det gjer at du kan ha fleire liksom-skjermar du kan hoppa mellom, ved å trykka ein eller annan tastekombinasjon. Eg sat og prøvde å finna ein tastekombinasjon som ikkje var opptatt, og visste frå før at maskina hadde eit innebygd akselerometer, fortel Ellingsen.

- Nettopp, ja. Kan du forklara for den jamne lesar kva som skjer når du slår på skjermen?

- Vel, du klaskar til på høgre side, og så fyk alle vindauga ut til venstre. Dermed får du eit nytt, reint skrivebord der du kan gjera andre ting. Dette skjer ved hjelp innebygde sensorar i maskina.

VIRTUELL ENDRING: Eit slag på høgre side av skjermen gjer at vindauga fyk ut til venstre.
Interesse verda over
Og responsen har ikkje uteblitt. Storavisa The New York Times har omtalt saken i positive vendingar. Det same har ei rekkje dataselskap verda over.

- Ein blogg på nettsida museumofhoaxes karakateriserer programmet som "a cool little trick, but I don`t see it having many practical applications". Kommentar?

- Eg har då aldri påstått at det skulle vera praktisk, smiler Ellingsen.

- Men eg har i ettertid fått vita at Apple har patentsøkt eit konsept der ein kan ha ein mp3-spelar eller ein laptop liggande på eit bord, for så å smella neven i bordflata for å bytta låt eller slide. Ellers får du til dømes dingsar til mp3-spillere som får musikken til å spela i takt med joggingen din. Sensorer er bra greier, forklarer han vidare.

Nye prosjekt i gjære
Ellingsen røper at han har nokre tankar for korleis han skal vidareutvikle ideen sin.

- Akkurat no held eg på med å flytta heim til Norge, så tida strekk ikkje heilt til, fortel han.

- Me skriv forresten i ingressen at du er NTNU-student, men du jobbar jo strengt tatt for selskapet Medallia. Er du registrert som student enno?

- Vel, eg har vel enno eit lite håp om få ferdig masteroppgåva mi ein eller anna gong i framtida. Så ja, eg er vel NTNU-student framleis, seier dataprogrammerar Erling Ellingsen.

Av Pål Vikesland

Sjå korleis programmet fungerer