LESERBREV Svein J. Hjellbrekke: Homeopati og anna humbug
(10.7.06, 14:55) Det er mangt mellom himmel og jord, og alt er ikkje alltid like lett å tru på. "For meg er det uforståelig at oppvakte mennesker kan tro på homøopati," skreiv Kjell Bløtekjær i Universitetsavisa, 16.06.06. Han oppmoda medsinarstanden om å ta til motmæle. Dette er eit syn ein må respektere. Den vestlege verda har heldigvis opplevd opplysningstida, som medførte at framveksten av vitskapen kunne fortrenger mange tunge, dystre element av overtru. Eg for min del, finn det betenkeleg at medisinarstanden i Noreg hadde monopol innan helsesektoren så lenge som dei hadde. Ein ting er, at det til maktposisjonar også er knytt eigeninteresser.
Desse eigeninteressene er ikkje alltid så objektive. Men til ei utdanning er det også knytt faglege perspektiv, der ting ein gjerne ikkje forstår eller interesserer seg for, eller finn umogeleg ut frå eige fagleg perspektiv, kan bli lett å avslå. Ein kan dermed stå i fare for å stå fram med dei same fordommane som dei første anslag til vitskapen vart møtt med under t.d. middelalderen, medan pasienten sit igjen med problemet.
Det er grunn til å vere kritisk uansett kvar ein beveger seg. Det meste i livet, og det og dei vi møter, har anslag av politikk i vid forstand. Vi mennesker har lett for å innhente og bruke informasjon og opplysningar som passer med den person vi allereie er. Vi er normativ selektive, forma mellom anna av oppvekst, utdanning (fag, fagperspektiv, paradigmer). Vår intelligens og kunnskap blir ofte brukt til å forsvare våre emosjonar, uansett vår posisjon i hierarkiet. Dette er filter som hjelper oss på vår veg gjennom livet, men som samstundes hindrar oss i å utvide horisonten.
Det kan minnast om at det var den tyske legen og farmasøyten Samuel Hahnemann (1755-1843) som først satte homeopatien i system, med andre ord ein mann med akademisk ballast m.m. Uansett ståstad, er det godt at ulike emne blir sett på dagsorden, der ein forhåpentleg kan ha ein "fordomsfri" og fruktbar debatt. Sanningar er stadig i endring, også innan for same fagfelt.
Svein J. Hjellbrekke
Cand.polit. |