Gjer klart for studentinvasjon
(3.8.06, 08:26) Om to veker vrimlar 3500 ferske studentar forvirra rundt på Dragvoll. Fadderutvalet er klare til å gjera tilvéret lettare for Trondheims nye akademikarar. I nokre kontorlokale på Gløshaugen er det for tida svært så hektisk aktivitet. Fadderutvalet NTNU Dragvoll er i gong med dei siste førebuingane til semesterstart. Om to veker skal om lag 350 fadrar sørga for at ti gonger så mange ferske studentar får eit hyggeleg første møte med studiebyen Trondheim.
- Dette skal bli tidenes beste fadderveke, seier leiar for Fadderutvalet, Kim Benjamin Boué.
|
SISTE KRAFTTAK: Leiar for Fadderutvalet, Kim Benjamin Boué (t.h.), her saman med nestleiar Renira C. Angeles, er i ferd med å legga siste hand på verket. No er dei snart klare til å ta i mot 3500 nye dragvollstudentar. |
Svært travelt
Fadderveka har gitt mang ein trondheimsstudent ein mjuk start i ein fase der kaosteori ofte er det næraste ein kjem akademisk visdom dei første vekene. Spørsmåla er mange. Bøker skal kjøpast, men kvar? Ein vil gjerne få seg eit skap slik at ein slepp å dra med seg bøkene heim heile tida, lar det seg gjere? Kor ofte er det forelesning?
Jungel av informasjon
Og her trudde ein at det berre var å troppa opp på lesesalen, og så viser det seg at Dragvoll ikkje er haugen ovenfor Studentersamfundet, men tvert i mot ligg på eit jorde utanfor sentrum. Byen skal også utforskast. Ein har høyrt om Bakklandet, men kvar ligg eigentleg denne gamle bydelen? Kva buss kan ein ta for å komma seg til Lerkendal stadion?
Det er i denne jungelen av informasjon og inntrykk at fadrane skal rettleia ferske studentar i mellom anna statsvitskap, medievitskap, psykologi og afrikakunnskap.
Ei hektisk tid
Om berre nokre dagar brakar det laus. Og leiaren for dei frivillige fadrane legg ikkje skjul på at døgnet har for få timar for tida.
- Eg var på ferie i midten av juni, men eg angrar nesten på at eg drog, smiler Boué.
Forklaringa på angeren er enkel. Han føler at han skulle ha jobba istadenfor. Og han har dårleg samvittigheit. Det er travelt å skulla ta i mot 3500 nye studentar. Svært travelt.
- Ja, me jobbar nesten døgnet rundt no. Det er mykje som skal ordnast. SMS-tenester skal koordinerast, handbøker skal trykkast og arrangement skal planleggast. Travelt, men utruleg artig, fortel leiaren for Fadderutvalet.
Kutt i støtte fordel for fadderborna
Fadderutvalet har opplevd å få kutt i bevilgningane frå NTNU i forhold til tidlegare år. Dermed har dei måtta intensivera jakten på sponsorar. Dette har ført til auka arbeidsmengd for utvalet, men Kim Benjamin Boué meiner sponsorjakta vil komma fadderborna til gode.
- Ja, me har fått i stand avtalar som blant anna gjer deltakarane i fadderveka rabattfordeler hos fleire av våre samarbeidspartnarar. Til dømes får ein 25 prosent billegare mat på Egon.
Boué fortel vidare at årets utval har gjort grep for å unngå enkle feil som har blitt begått tidlegare år.
- Det stemmer. Enkle ting som å booke Storsalen på Studentersamfundet til det siste fadderallmøtet er med på å gjera prosessen enklare. I fjor vart dette halde i Klubben og det vart ganske enkelt ikkje plass til alle som trengte informasjon, forklarer han.
Treng fleire
Før han kjem med ei siste oppfordring til eventuelle etternølarar.
- Me treng framleis fadrar, og me oppfordrar så mange som mogeleg å ta kontakt med oss dersom dei vil bidra. Me lovar at alle får ei veke dei aldri vil gløyma, proklamerer fadderutvalsleiaren.
Tekst og foto: Pål Vikesland |