Mobiliserer for miljøet
(2.8.06, 07:27) NTNU har som mål å bli eit foregangsuniversitet innan miljø. No har HMS-seksjonen gjort grep som skal bidra til at dette vert eit faktum. I februar 2005 vedtok NTNU-styret å innføra miljøleiing ved NTNU. No ligg prosjektrapporten ”Innføring av miljøleiing” føre. Og i følgje NTNU-styret dannar den eit godt grunnlag for vidare arbeid. No skal det etablerast eit miljøutval ved NTNU.
|
RÅDGJEVAR: Professor Annik M. Fet har vore rådgjevar for NTNU sitt miljøprosjekt. Arkivfoto NTNU Info. |
Fokus på infrastrukturtiltak
Det er HMS-seksjonen som har vore ansvarleg for prosjektet Miljøleiing. Det har blitt oppnemt ei styringsgruppe, ei prosjektgruppe og seks arbeidsgrupper. Fakultetetsrepresentantar, studentar og representantar frå Studentsamskipnaden har deltatt i prosjektet. Professor Annik M. Fet ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing har vore fagleg rådgjevar for prosjektet.
Satsingsområde
I 2005 trakk NTNU-styret mellom anna opp følgjande satsingsområde for prosjektet.
Miljøleiing skal integrerast i organisasjonens styringssystem.
Miljøleiing bør integrerast i NTNU sitt systematiske HMS-arbeid og HMS-seksjonen skal gje opplæring og bistå einingar med miljøkompetanse/prosessleiing.
Felles infrastrukturtiltak skal iverksetjast der det gjev størst miljøgevinst.
Skapa sterkare miljømedvit blant leiarar, tilsette og studentar gjennom informasjon og kurstilbod.
Prosjektgruppa har konsentrert arbeidet i kartlegging rundt felles infrastukturtiltak som antas å gje størst miljøgevinst i forhold til satsingsområda
Få mijløtreff på nett
Hausten 2005 vart det gjennomført i rekke kartleggingar med mål om å avdekka NTNUs miljøbelastning når det gjeld mellom anna avfall, innkjøp og transport. På bakgrunn av desse funna fremmar miljøprosjektet ein del forslag til konkrete miljømål og miljøtiltak som ein realistisk sett kan gjennomføra i løpet av 2006. Prosjektgruppa fann mellom anna ut at NTNUs miljøprofil var for dårleg markedsført. Til dømes gav internettsøk svært få treff på orda ”Miljøleiing, NTNU”. Denne utfordringa sender prosjektgruppa vidare til Infoavdelinga som bør utarbeida ein klarare miljøprofil for Universitetet.
Fadderordninga vert viktig
Det vert óg fremma forslag til tiltak som er retta mot studentane. Frå hausten 2006 vil alle nye studentar få utdelt ein termokopp med slagord som fremmar miljøsaken. Dette er ein god måte å fremma NTNU sin miljøprofil på, samtidig som det vert mindre avfall i kantiner og vrimleområder, heiter det i rapporten.
Også fadderordninga skal utnyttast til å fremma miljøsatsinga. Ved semesterstart skal fadderane gje informasjon om at NTNU tek miljøet på alvor.
Av Pål Vikesland |