LESERBREV Sigmund Ås: Motto eller reklame?
(23.8.06, 17:21) Eg stiller meg bak Guttorm Sindre sitt innlegg. Informasjonsavdelinga sitt svar tolkar eg dit at dei ikkje har forstått skilnaden mellom motto og reklame. Enten det, eller så gløymde Dahl å svare Sindre i sin iver etter å forklare "identitetsplattformen". Dahl skriv at slagordet vart godt motteke eksternt, dvs. "beslutningstakere i næringsliv og offentlig sektor". Ho skriv vidare at det også vart godt motteke internt, utan å vise til noko meiningsmåling her. Eg har ein mistanke om at denne støtten ikkje strekker seg så veldig langt utanfor NTNU-administrasjonen, men la gå - eg har heller ingen referansepunkt anna enn kollegaer eg snakkar med til dagleg.
Eg meiner det er stor skilnad på om slagordet blir brukt i ein reklamekampanje eller i ein presentasjon for andre fagmiljø. "Det skapende universitet" framstår som arrogant når det blir brukt overfor Universitetet i Oslo, men kan kanskje ha ein appell til 17-åringen som vurderer å studere her.
"Innovation and creativity" framstår som mindre arrogant. Det kan med litt velvilje tolkast som ei oppfordring eller eit ideal vi kan arbeide etter. Eg synes likevel det heller meir mot reklame enn ei spirituell rettesnor *) - det var med blanda kjensler eg sendte ut doktoravhandlinga mi med dette slagordet på. Bra forskning skal tale for seg sjølv, og vender seg til heilt andre fora enn det reklame gjer.
Sigmund Ås
PS:
For å vise kva eg meiner med spirituell rettesnor har eg samla nokre motto som blir brukt i logoen til andre universitet. (Fritt oversett)
Princeton: Dei sub numine viget (Ho blomstrar under Guds kraft)
Sheffield: Rerum cognoscere causas (Å finne årsaka)
Yale: Lux et veritas (Lys og sanning)
Oxford: Dominus Illuminatio Mea (Gud er mitt lys)
Stanford: Die Luft der Freiheit weht (Fridomens vind bles)
Harvard: Veritas (Sanning)
University of Illinois: Learning and Labor
MIT: Mens et Manus (Tanke og hand)
Cornell: I would found an institution where any person can find instruction in any study.
Pennsylvania: Leges sine moribus vanae (Lover utan moral er nyttelause)
|