Vaksine mot Svartedauden
(21.9.06, 09:15) Ein norsk forskar fann ut korleis pestbakterien som forårsaka Svartedauden lurer immunforsvaret. Dermed kan ein lage vaksine mot pesten, som styresmakter fryktar vil bli nytta som bioterror. |
PÅ VEG HEIM: Egil Lien forskar for tida i USA, men vil vende heim til NTNU og Institutt for kreftforsking og molekylær medisin i løpet av komande år. |
Pestbakterien Yersinia pestis er ein av kandidatane for bioterror som amerikanske helsestyresmakter fryktar mest. Suksessen som massemordar skuldast at pestbakterien Y.pestis er ein lumsk mikrobe. Kor lumsk, har den norske forskaren Egil Lien nå oppdaga.
Lien syner korleis forskarar fram til nå har fokusert på eigenskapar bakterien har når det gjeld å verne seg mot kroppens eiga immunapparat. Kva Lien og hans kollegar har gjort, er å granske Y.pestis’ evner til å lure seg forbi forsvarsverka.
Han nytta denne oppdaginga til å skape ein variant av pestbakterien som mangla pestbakterien sine ”stealth”-eigenskaper.
Dermed sat den norske forskaren med ein variant av Y.pestis som lett vert oppdaga av kroppen sitt immunapparat. Dyreforsøk tyder på at denne ufarlege varianten av Y.pestis kan nyttast til å lage vaksiner mot dødsmikroben.
Lien er assistant professor ved University of Massachusetts og har siv.ing- og doktorgrad fra NTNU. Han har framleis tilknytning til Institutt for kreftforskning og molekylærmedisin ved DMF i Trondheim.
Les meir om dette på Forskning.no.
Av Tore Oksholen Pressemelding frå UMass om funnet
|