MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Flate hopp på Dragvoll (31.10.06, 13:53)

Nyleg har Program for Bevegelsesvitskap på Dragvoll presentert seg, sine forskingsprosjekt og sine laboratorium. Danske og andre tilreisande fall for sjansen til eit flatt skihopp.

NEVEKRAFT:Her blir målt evne til å kontrollere kraft i eigen neve – mens Martin knyter, blir resultatet vist på ein graf som han skal prøve å halde innafor to allereie opptrekte strek.
I førre veke var det Nordisk Konferanse i Bevegelsesvitskap på Dragvoll Idrettssenter med omkring åtti deltakarar. Arrangør var Program for bevegelsesvitskap ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing.

Noen ettermiddagstimar var sett av til omvising og demonstrasjon av laboratorie- og testutstyr. Eit par idrettsfaglege område sto sentralt her.

Ti infrafraude kamera er disponible for å fange opp bevegelsar frå sykkelapparat og ryttar – pedalane har små kvite felt som markørar, det samme har ledda i syklistbeina. Slik kan posisjonar og bevegelsar registrerast og overførast til eit diagram som avslører vinkel mellom fot og pedal. Ein vil finne ut i løpet av demonstrasjonen kor mykje av den totale fotkrafta som treffer nitti grader på kranken. Nitti grader gir best effekt.

Flatt skihopp
Ei skihoppinnretning viste seg å bli populær blant konferansedeltakarane, dette galdt òg noen frå vårt flate naboland.

HOPPE BORTOVER:Noen er redde det går nedover med kvinnehoppsporten - på konferansen gjekk det bortover. Her er konferansedeltakar Mille Bjarrum på veg mot sats, mens Christelle Carlsson ser på – begge kjem frå København og kom godt ifrå forsøka.
Ovarennet ligg nesten plant på golvet, skia er ei rullande plate under føttene, plata stoppar mot ei hindring, og ein hoppar opp i ein madrass. Satsar ein feil, ser ein det umiddelbart ved at plata rullar bakover. Dessutan kan ein risikere å flytte unnarennet. Dette opplegget blir kopla med kameramålingar, og måling av hopparens krefter, slik dei verkar vertikalt og horisontalt.

Vidare var det muleg å prøve Noregs største tredemølle, som vitskapleg assistent Yngve Sommervoll tok sjansen på å nemne den. Her blir vertikale krefter måla og jamført med hastigheit.

Dragvoll i posisjon
På Dragvoll er det treårig bachelor idretts- og bevegelsesvitskap. NTNU er i framgrunnen: Mastergraden i rein bevegelsesvitskap er den einaste i Skandinavia. Utviklinga av utstyr skjer i samarbeid med Sintef og Olympiatoppen.

MÅLING:Stig Leirdal forklarer samanhengen mellom kraft- og vinkelmåling.
Det faglege miljøet finst ellers i stor grad i England og Nederland, og programmet på Dragvoll har fleire nederlandske tilsette.

Mot slutten av 1800-talet var det betydeleg samanheng mellom utviklinga av foto- og filmfag, studium av kroppsbevegelsar og utviklinga med store sportsarrangement.

I dag krev bevegelsesvitskapen kamerafagleg toppkvalitet for si forsking.

Tekst og foto Kjell Håve

Eadweard Muybridge – pioner på filming av bevegelsar
Meir om Muybridge