MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Språkvitskap til oljebransjen (7.11.06, 08:35)

Kva har folk frå humaniora å gjere i eit konsern innafor tung teknologi?

– Vi er da ikkje tunge, utbryt Frank Wettland. Han er dagleg leiar i Aker Reinertsen, som ivaretek vedlikehald på Statoils installasjonar utafor Trøndelag og Helgeland.

Firmaet har ifølge Wettland verdas beste ingeniørar. Men det er lenge sidan dei samla seg i ivrig samtale rundt teiknebordet. Det har pc-en for lengst gjort ein slutt på. Så er dei gode nok på samhandling?

– Vi har jo hatt konsulentar til å fortelje oss korleis vi skal jobbe. Så tenkte vi: Kan ikkje heller eit fornuftig menneske komme til oss og vere med og gjere det sjølv, forklarar Wettland.

KRISTIN HALVORSEN: Kjent namn, men Kristin på bildet har kome via Dragvolls språkvitskapelege miljø til entreprenør- og oljebransjen.
Dårleg kommunikasjon kostar
Det er her Kristin Halvorsen kjem inn. Harstad-jenta har kome via hovudfag i anvendt språkvitskap og masterstudium i USA til leiarsjiktet i Aker Reinertsen. Ho har rett og slett fått stilling som leiar for samhandling. Firmaet reknar med at ho ser ting dei sjølve ikkje ser.

Språkvitaren veit at dårleg kommunikasjon kostar:

– Det som kostar, er når dårleg samhandling fører til at arbeidet må gjerast to gongar – når noen ikkje har snakka saman, når noen har misforstått kvarandre eller rollene sine, og arbeid må gjerast om igjen på grunn av det.

Jobben hennar er i stor grad å kartlegge korleis folk kommuniserer, for eksempel gjennom møte og gjennom intervju. Ho ser på arbeidsbeskrivelsar og rapportar, og ho har heile tida eit skarpt auge på rammevilkåra rundt samhandlingane: kva fora som finst, korleis bedriftskulturen er.

Signal om det viktige
– Kommunikasjon er ikkje som ein taubane lasta med informasjon frå ein sendar til ein mottakar, men snarare som eit meeting of minds, seier Halvorsen.

– Det er viktig å kome fram til konkrete aktivitetar. Og eg må vere ein ressurs for den enkelte tilsette, enten det gjeld tekstar, innlegg på møte eller anna. Eg jobbar med folk medan dei er i arbeid. Då kan eg finne ut av kva var det som skjedde her no, kva fungerte, kva kan gjerast annleis?

– Får du først fokus på samhandling, gjer det noko med kulturen her – det gir sterke signal om kva som er viktig.

Dei sterke, tause menn
Det anvendelege språkmennesket skal etterkvart på sikkerheitskurs og så ut på feltet. Ein får ikkje gløyme at det finst gigantiske anlegg uti der. Med sterke, tause menn som utførar dei tunge jobbane. Som berre kjenner Kristin som namn på eit oljefelt.

Om det no er to hundre kvinner og menn på land, og det er fire hundre uti havet, som Halvorsen seier, så trengst det ei som ho både til lands og til vatns.

– Det er nok ulike bedriftskulturar på dei to områda. Eg har vore på samling med verneomboda. Helse, miljø og sikkerheit er særs relevant for min jobb. Det er jo òg online støtte frå land til operasjonar til havs. Fokus på kommunikasjon er livsviktig.

Brubyggjar
Aker Reinertsens kontaktperson på Anvendt språkvitskap har vore førsteamanuensis Gunhild Åm Vatn. Ho har i mange år vore ein brubyggjar mellom næringslivet og det språkvitskapelege miljøet på Dragvoll.

Etter hovudfag var Vatn tilsett i oljeselskapet Phillips og arbeidde mellom anna med skriftlege arbeidsbeskrivingar – som ofte var så kompliserte at dei ikkje vart brukt. Etter brannkatastrofen på riggen Piper Alpha i 1988 gjorde ho undersøkingar omkring språkleg samhandling, særleg med henblikk på å inkludere tekstkompetansen til oljearbeidarane.

Vatn tok doktorgraden sin på dette området, med lønn frå Phillips, vart tilsett på Anvendt språkvitskap i 1996, og engasjerte seg i prosjektarbeid omkring språkleg kommunikasjon. Her kom det betydelege tilskot frå næringslivet. Universitetets interesse her var å utvikle forskbare problemstillingar.

På denne tida kom ei bedrift som Aker Verdal til å bli bevisst problemet med å forklare endringar for dei tilsette. Språkvitskaplege studentar fekk da komme innover og studere skriftleg materiale, det vart halde seminar, og folka på Aker vart imponert: Her var det jo folk som kunne noe om dette!

Tekst og foto: Kjell Håve