MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Ånund Killingtveit: Mellom vasskraft og miljø (7.11.06, 13:28)

Han har vore fascinert av vasskraft sidan han var gutunge, og ein onkel kom heim frå Little Norway etter krigen, medbringande ein generator han hadde teken ut av ein ubåt.

Onkelen til professor Ånund Killingtveit var flymekanikar. Han fekk kopla generatoren til ein turbin som produserte elektrisitet frå elva som rant gjennom bygda. Dette vesle kraftverket sytte for å lyse opp grenda i tiåret etter krigen.

NYANSAR I IS: - Eg er oppteken av både miljø og vasskraft, og vil ikkje sjå svart-kvitt på desse sakene.
- Men så kom femtitalet, og dei første store kraftverka såg dagens lys. Vi fekk storanlegget i Aura, det kom i drift i 1953, og skaffa åleine nok elektrisitet til mest heile Midt-Noreg. Dermed var det ikkje lenger bruk for slike småkraftverk som onkelen min fekk laga, fortel professoren.

Sjølv vaks han opp i Vest-Telemark, ei region som vart dekka av Tokkeanlegget, som også kom i drift midt på femtitalet. Også der vart drifta av eldrte småverk innstilt. Men alt som går rundt, kjem attende. Nå vert det eine mellomkrigsverket etter det andre fyrt opp på nytt. Sirkelen er slutta.

Djevelens handlangar
Vassturbinar har gitt energi og retning gjennom det meste av Ånund Killingtveits liv. Han er professor ved Institutt for vatn- og miljøteknikk, og har jobba med vassdrag og vatnkraft frå han var nyutdanna siv.ing. ved NTH i 1969.

Det var tidleg på syttitalet: Den gongen NVE var eit fyord i miljørørsla, og kraftverkingeniørane noko nær Djevelens handlagar. Kor sto den unge siv.ingen i dette biletet?

- Mi oppgåve medan eg jobba i Trondheim E-verk var å delta i planlegging av nye kraftverk i Orkla og i Nea, og samtidig prøve å redusere miljøverknadene ved vasskraftutbygginga, fortel han. - Eg har levd mitt yrkesaktive liv i spennet mellom omsyn til miljøet og behov for el-produksjon.

-Ein vassdragsingeniør som jobba med miljøvernspørsmål i tida kor kampen om Mardøla nett var over, og mobiliseringa før slaget om Altautbygginga var i gong. Korleis var det?

Opp av skyttargravane
- Temmeleg interessant, faktisk. Eg har aldri vore freista til å sjå svart-kvitt på saker. Det var nok av folk på begge sider som gjekk frivillig i skyttargravene.

- Det var den gongen nokre i NVE foreslo å demme ned samebygda Masi?

- Vel. Eg hugsar dei dokumenta. Men det er typisk for tida – kan hende var det slik at eit slikt ekstremt alternativ kom på bordet, og vart festa til papiret. Men det var vel aldri seriøst vurdert å gå så langt.

POSITIVT Eit gammalt mikrokraftverk ovanfor Støren er komen i drift att.
Vasskraftprofessoren smilar blidt over rattet. Vi sit i firhjulstrekkaren hans og er på veg gjennom Støren. Vi skal ut og sjå på nokre småe kraftverk – det eine kom i drift første gongen i 1928, medan det andre er nybygd. Sola skin og dagen er fin. Det er medgongstider for vasskraft nå.

Det er eit passande tidspunkt for skrivaren av denne teksten å kome ut av skapet, og fortelje vassprofessoren om si fortid som medlem av lenkegjengen som prøvde å stogge anleggsarbeida i Stilla i Altacanyonen i 1979. Så kan vi saman mimre litt om gamle dagar.

Skurkane vart heltar
Men tidene har som sagt endra seg. I dag er vasskraftprofessorar heltar igjen. Noko Killingtveit noterer seg med eit smil.

- Miljørørsla ser langt meir nyansert på vasskraft i dag. Når det gjeld elektrisitetsproduksjon for fastlandsnoreg finst det tre alternativ – gass, vind og vatn. Vatn står åleine for 99 prosent av el-produksjonen i dag, og er, i motsetnad til gass og vind, ikkje avhengig av statlege subsidiar for å produsere lønsamt, seier han.

Endringane i haldningar handlar mest om at global oppvarming kom på agendaen.

- For tretti år sidan var miljøaktivistar mest oppteken av miljøøydeleggingane som dei meinte storstilt vasskraftutbygging medførte. Det kan ein meine mykje om. Men eg reagerer på at den storstilte utbygginga i åra etter krigen ikkje vart vurdert på eigne premisser, seier Killingtveit.

- Kva meiner du?

- Det er ei tid for alt. På femtitalet var det tid for industrireising. Til det trengte landet energi. Slik var prioriteringane den gongen, og det bør vi ha respekt for.

Kan ikkje leve av kjærleik og rein luft…
Det same meiner Killingtveit bør gjelde for utviklingslands behov for energi. - Det finst ein del døme på hårreisande vestleg uforstand på dette området.

Professoren har eit sterkt engasjement når det gjeld teknologi- og kunnskapsoverføring til den tredje verda. Han samarbeider med universitet i Tanzania og i Uganda.

- Begge landa slit enormt med katastrofal svikt i elektrisitetsproduksjonen, og det er umogleg å bygge livskraftig næringsverksemd under slike tilhøve. Vi ser at utanlandske miljøkrefter arbeider for å hindre storstilt vasskraftutbygging, fordi det går ut over vakker natur. Dette er eit gode for gjestande turistar. Men dei kan ikkje leve av vakker natur åleine. Heller ikkje vi.

Tekst og foto: Tore Oksholen