Reodorpris til NTNU-avleggarar?
(8.11.06, 08:40) Reodorprisen for innovasjon har to trondheimsbedrifter blant tre nominerte. I slutten av november skal Reodorprisen delast ut. Blant tre innstilte er to bedrifter der gründerane har bakgrunn frå fagmiljø ved SINTEF og NTNU: DeAmp spring ut av NTNU akustikk og Falanx av Institutt for elektronikk og telekommunikasjon.
Inspirasjon
Prisane blir delt ut 29. november. Showet blir direktesendt på TV2 og blir arrangert i samarbeid mellom Innovasjon Norge og Ernst & Young. Prisen er oppkalt etter ein figur som ein gong var Kjell Aukrusts innovasjon.
DeAmp har utvikla støydempande panel til byggebransjen. Falanx, som sia i sommar er ein del av det store britiske selskapet ARM, har utvikla teknologi for minka strømforbruk og forbetra grafikk i blant anna mobiltelefonar.
Innovasjon Norge er eit selskap under Nærings- og handelsdepartementet. Målet med Reodorprisen er å inspirere til produktiv nyskaping i norsk næringsliv. Prisen går til teknologiske nyvinningar som har eit potensial for kommersialisering og verdiskaping.
Av Kjell Håve |