Bygdeliv på glansa papir
(10.11.06, 16:04) Kor er det best å vekse opp, på landet eller i byen? |
DET GODE LIV - Det ligg makt i tekst og bilde, meiner Nina Gunnerud Berg. |
I sommar vart det ein heftig debatt i Dagbladet om korvidt det var best å vekse opp på landet eller i byen. Motpartane hadde sterkt ulike bilde av kvarandre. Måndag 13. november skal professor ved Geografisk institutt, Nina Gunnerud Berg, snakke om det gode liv på landet i DKNVS Akademiet.
Flukten frå byen
-På slutten av nittitalet gjorde eg ei intervjuundersøking av folk som flytta frå storbyar til fjellbygder. Eit av dei kvinnene eg intervjua, hadde i stor grad skapt sin nye heim utifrå innhaldet i det engelske magasinet Country Living. At noen kunne bli så påverka av eit blad, gjorde at eg fekk interesse for magasin som tar for seg landlivet, forklarar professoren.
Det har komme mange slike, i fleire land, dei siste åra. Ho har studert desse magasina, og særleg det norske Lev landlig.
Makt i tekst og bilde
Nina Gunnerud Berg har ikkje studert dette magasinets utgjevingsforhold eller kor mye det sel, men innhaldet og framstillinga.
-Det ligg makt i tekst og bilde, seier ho. –Eg har gått inn for å identifisere måtar den norske bygda blir framstilt på. Korleis er framstillinga konkret med omsyn til kjønn, klasse, etnisitet, livsfase og livsstil.
Ho er litt mot straumen når det gjeld kjønn, der det gjerne blir kvinneforsking. Nina Gunnerud Berg har fokus på mannen, bygdemannen.
Mangfald
Ho karakteriserer bladet: Litt tradisjonelt, relativt idyllisk, men ikkje nostalgisk. Mangfaldig, men ikkje problematiserande. Bygda blir framstilt som fin å vekse opp i. Vidare seier ho at Lev landlig har hatt blant anna desse mannsbilda: familiefaren, fiskaren, jegeren, bonden, men òg kunstnaren. Viss bladet for eksempel er på Inderøy, er det sjølvsagt at det omtaler Nils Aas kunstverksted.
Måndag kveld skal Nina Gunnerud Berg snakke i DKNVS Akademiet. Og det er det gode liv på landet i magasinet som er emnet. Det er bilde i blad og bilde i hovud det dreier seg om, ho oppfattar i stor grad bygda som ein mental kategori. Bilde blir skapte, ein kan berre tenke på Norge Rundts innsats i mange år.
Geografi og media
Dette blir jo mediaforsking innafor geografifaget, ein av hennar masterstudentar skal studere tv-programmet Jakten på kjærligheten og korleis bygda blir framstilt der.
Nina Gunnerud Berg har samarbeidd med ein geograf i Barcelona – ho undersøker magasinet Vivir en el campo. Bygdeliv er eit internasjonalet fenomen.
Tekst og foto: Kjell Håve |