NTNUs hemmelege lesesal
(14.11.06, 07:30) - Av og til lurar vi på om vi er NTNUs best bevart hemmelegheit, seier Sølvi Løchen ved Gunnerusbiblioteket. Ikkje plass på lesesalen? Prøv på Gunnerusbiblioteket. Her kan masterstudentar reservere lesesalsplass for eit semester i gongen, og eventuelt fornye for neste semester. Plassane er for alle NTNU-studentar, uansett grad og studium.
|
ØNSKER VELKOMMEN Sølvi Løchen inviterer med glede til lesesal på Kalvskinnet.
|
- No er eksamenslesinga i gong, og det blir sterkare tilstrømming hit. Men det er enno ledige plassar att. Ellers i året er det stor ledig kapasitet.
Dette seier utlånsleiar Sølvi Løchen på universitetsbibliotekets avdeling på Kalvskinnet.
- Av og til lurar vi på om vi er NTNUs best bevart hemmelegheit, seier Sølvi Løchen. – Vi har åtti stille lesesalsplassar ledig, og ein får tilbod om låsbart skap. Foreløpig er det berre åtte plassar som er opptekne for masterstudentar.
Gode tilbod
Det finst ellers òg gruppearbeidsplassar og tilbod på aviser og tidsskrift. Skulle det mot formodning vere skriftleg materiale ein ikkje finn, kan det bestillast frå Dragvoll eller eit av dei andre biblioteka ved NTNU, og det kjem da dagen etter.
Dei tilsette på Gunnerus-biblioteket er spesialistar i å hjelpe studentar med deira oppgåver.
I Suhm-huset, det gamle lange, einetasjes huset bak biblioteket, er det ein kafe dit ein kan ta med matpakka.
Område med atmosfære
Vitskapsmuseets bygning og museumshagen er det som ellers hører til dette stilige universitetsområdet i Erling Skakkes gate. Dit kjem ein frå Torget om ein passerer Trøndelag Teater og Leutenhaven og held fram eit stykke.
Ein kan nemleg lure på om det er mange studentar som ikkje veit kvar dei kan finne fram hit om dei bur aldri så sentralt.
Sølvi Løchen er inderleg opptatt av at fleire NTNU-studentar skal bruke biblioteket: -Eg trur nok det er mange som ikkje er klar over dette tilbodet, at det er fullt tilgjengeleg.
Mye å oppdage
Trondheims biskop Gunnerus, som bibliotekavdelinga er oppkalt etter, var i sin stiftsstad med på å skipe Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab på 1760-talet. Sølvi Løchen fortel at biblioteket har Norges eldste bevarte bibel. Og ho fortel engasjert om mange klenodiar: Blant anna om hundretusenvis av trondheimsbilde. Og om dei handskrivne notata til nobelprisvinnaren i kjemi, Lars Onsager – tanken er at desse skal bli lagde ut på Internett.
Så dragvollianarane, masterstudentar så vel som andre, får finne ut om det er nødvendig for dei å halde fram med å lese der oppe, eller om dei kan flytte denne aktiviteten til byen og eventuelt oppdage Kalvskinnet og arven frå biskop Gunnerus.
Tekst og foto: Kjell Håve |