Kraftkrisa over etter møte i Suhmhuset?
(22.11.06, 09:37) Teknobrønnen held fram med sine frokostmøte der nødvendige samfunnspørsmål blir stilte. Dei som møter opp, får impulsar til svar. |
FØR MØTET: God mat i godt lag, men dei kan ha ulikt syn på kva ein kan bruke avfall til. |
I går hadde Teknobrønnen, i samarbeid med Avfallsforum Midt-Norge, frokostmøte på Suhmhuset:
Prosjektleiar Lars Sørum orienterte om Sintefs ulike forskingsprosjekt innan bioenergi, og seniorrådgjevar Viggo Iversen, Enova, greidde ut om avfall og avfallsbasert brensel innafor framtidas energibilde.
Arrangørane lokka publikum med problemstillinga ”Kan bioenergi parkere kraftkrisen?”.
Fekk vi svar på det, no da?
Ole Ivar Folstad, som leier frokostmøta, gjer det klart:
- Vi berre stiller spørsmåla, og så får dei henge der.
Så det er opp til einkvar å plukke dei ned i form av svar.
|
ENOVAS RØYST: Viggo Iversen hadde ellers noen merknader om det han meinte var skeiv mediaframstilling av Enova. |
Kva er framtida?
Er bioeneregi og avfallsbasert brensel framtida? Foredragshaldarane hadde fokus på kva som måtte til. For eksempel er fjernvarmeanlegg i Trøndelag problematisk no på grunn av høg flispris. Og det blir nødvendig med forsking på vedfyring, som har stort energipotensial, men som no forurensar for mye.
Positivt er det at fornybar energi kjem til å vinne priskonkurransen med olje og gass.
Frokostlyden var på noen og tredve – der var folk frå SINTEF og det akademiske liv, og frå næringsliv og næringsorganisasjonar. Diskusjonen var til dels livlig, men ikkje avklarande. Det var vel ikkje hensikten, heller.
Åse Vellene Tveit frå Teknobrønnen og Sissel B. Eggen frå Avfallsforum Midt-Norge peker på at i ei forsamling som dette vil det vere ulike interesser og konkurranse om ressursane, da vil òg svara bli ulike.
Samfunnet og spekepølsa
Tema for frokostmøta kjem helst frå der teknologi, politikk og samfunnsliv møter kvarandre; sist var partnaren Telenor. Påstanden var: uten mobiltelefonen stoppar Norge.
Neste møte, på nyåret, blir på Grillstad Fabrikker – forsamlinga vart forespegla at spekepølsas framtid skulle opp til gransking, det vart vel generelt tenkt på næringsutviklinga i regionen.
|
ARRANGØRANE: Ole Ivar Folstad og Åse Vellene Tveit frå Teknobrønnen og Sissel B. Eggen frå Avfallsforum like før møtet om bioenergi. |
Teknobrønnen har representantar frå Tekna, NTNU, NITO, Teknostallen,
Trondhjems Polytekniske Forening og Bedriftsforbundet.
For dei innsiktstørste
Forumet tok til med si verksemd i 1988, det interessante namnet vart til fordi det var sterk interesse for teknologisopplysning, og fordi dei, i motsetning til tilsvarande fenomen i Oslo, ikkje ville kalle seg vasshol.
Dei har òg hatt mange meir direkte politiske møte, blant anna var det eitt med Gro Harlem Brundtland før stortingsvalget i 1993 – hundrevis av folk, dei sto og hang rundt veggane.
Frokostmøta er viktigaste aktivitet for Teknobrønnen. Åse Vellene Tveit oppsummerer:
- Vi har satsa på nettverksbygging. Vi har hatt eit mangfald i tema, og vi vil først og fremst ha samfunnsengasjerende møte. Og vi er opne for forslag til kva vi skal ta opp.
Tekst og foto Kjell Håve Sjå artikkel i Gemini om bioenergi
|