Torlaug Løkensgard Hoel – ein lærar som lyttar
(24.11.06, 06:28) Trondheim har det beste skriveforskarmiljøet i landet. Ein av pionerane har i fleire år halde festmøte for for skrivande folk. |
SAGT OM TORLAUG: Usedvanleg god forelesar, skatta foredragshaldar, kjent internasjonalt. |
I fleire år har Hannah Ryggen-salen på Kunstindustrimuseet vore ramma for det årlege medlemsmøtet til Norsk faglitterær forfattar- og oversettarforeining i dei tre midtnorske fylka. Det er mye av eit festmøte, med foredrag og med middag etterpå. Dei skrivande folka sit og betraktar verdshistorias andlet, og så går ei kvinne på talarstolen for å rettleie alle greitt gjennom møtet. Det er distriktskontakt Torlaug Løkensgard Hoel.
No i november var det siste gong at ho som er ein av NTNUs mest kjente profilar, tok på seg denne praktiske oppgåva i trøndersk organisasjonsliv.
- Eg har vore så glad i dei, dei som kjem frå lokalsamfunn i distriktet, som til vanleg ikkje har sin gang i eit fagleg miljø, og som kjem att til desse samankomstane våre.
Godord om fagforbundet
Det er 476 medlemmar i dei tre fylka og 242 i Trondheim, dei fleste av dei kjem nok frå utdanningsinstitusjonane i byen. Torlaug Løkensgard Hoel berømmar foreininga sterkt for å gi så mye tilbake til medlemmane, mellom anna i form av stipend. Og ho tykkjer NFF sterkt hevdar interessane til faglitteraturen, NFF står sterkt i debatten.
Dei som er til stades på møta, tenker dei over at den ryddige møteleiaren på sett og vis er deira viktigaste fagperson – ekspert på skriving som ho er? Iallfall har ho vore svært mykje brukt i samband med skriveseminar og -kurs i NFFs regi, og som konsulent og veiledar.
|
BLANT SKRIVEPRODUKT: Torlaug Løkensgard Hoel i eitt av sine rette element. |
Korreksjon er nødvendig
Med noe overlapping har ho arbeidd tjue år i vidaregåande og meir enn det på universitetet der ho er professor på Program for lærarutdanning. Ho har jamvel blitt mye av ein ekspert i å lytte. Når ho har fått pris og har fått spørsmål om kva som har gjort at ho er ein god lærar, har ho svart:
- Eg vil snu det på hovudet. Det er studentane mine som har gitt meg signal på kva som er bra, og som har gitt meg støtte, utfordringar og korreksjon.
I fjor fekk ho Sintef-prisen for ”fremragende pedagogisk virksomhet”, og da sa ho dette til Universitetsavisa. Utsegna fortel om personen – om fagpersonen.
Avhengig av respons
Torlaug Løkensgard Hoel tok doktorgraden i 1995 på responsgrupper i videregående skole og har hatt arbeidsfeltet norsk fagdidaktikk på Program for lærarutdanning.
Vil ein prøve å finne ein fellesnemnar på hennar vitskaplege innsats, kan ein gjerne bruke ord som samtale, lytting og gjensidigheit. Avhandlinga hennar bygger i stor grad på skriftlege korrektiv frå elevane.
|
GJENSIDIGHEIT: - For meg er det kvar enkelt elev og student som har vore mine læremestrar, seier professoren. |
- Da eg utarbeidde avhandlinga, var eg direkte avhengig av respons frå elevane. Dei var mine samarbeidspartnarar, dei ga systematisk og regelmessig respons frå sine læringsprosessar.
- Eg forska på meg sjølv, eg må faktisk seie det slik. Og elevane lærte meg kva som fungerte bra og kva som fungerte mindre bra, slik studentane mine gjer.
Ein periode var ho prodekan ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Ho ville ikkje ha undervisningsfri, ho ville ha omgang med studentane.
- Dei bidrar med mye ut over sjølve læringa, seier ho.
I 1999 fekk ho Allforsks pris for formidling av eigne forskningsresultatat. Eit kriterium var at forskinga "preges av en toppinnsats mer enn av rosverdig arbeidsinnsats"
No må det bli senter
Skriveforskarmiljøet i Trondheim arbeider for å opprette eit senter for skriveforsking.
FAKTA | TORLAUG LØKENSGARD HOEL
professor, dr.art. ved Program for lærarutdanning.
Født i Ål i Hallingdal. Gift sia 1966, 3 barn.
Lektor i vidaregåande skole 1967-1990, tilsett ved universitetet 1980. 10 års overlapping.
Doktorgrad 1995.
Prodekan, Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing: 2002-2005.
6 bøker, redigert 6 (saman med andre), ca 200 artiklar. .
Medlem av ca 50 komitear med akademisk kompetansevurdering i Noreg og Norden.
Med i Språkrådets strategigruppe for å utforme strategi for ein nasjonal språkpolitikk, 2004-2005.
I mange år regionkontakt for trøndelagsfylka og Møre og Romsdal i Norsk Faglitterær forfattar- og oversettarforeining.
Frå 2002 universiteta sin representant i Innsamlingsrådet for NRK-aksjonen.
Hobby og interesse: Lesing av skjønnlitteratur på senga.
| Det ligg godt til rette for eit samarbeid mellom NTNU og HIST.
- Med eit slikt senter kan vi skriveforskarar få betre kontakt med kvarandre. Vi får samla dei faglege ressursane og vi får større slagkraft.
- Skriftspråket breier seg i samfunnet, med dei nye media, med e- mail og sms og mangt, og krava til skriftspråkleg kompetanse stig. Behovet er stort for forsking på skriving i alle delar av samfunnet – skole, høgre utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Berre på NTNU finst mange ulike skrivekulturar, som burde vore forska på. Kvalitetsreforma fører til meir skriving, til skriving for ulike formål, og auka krav om ulike former for rettleiing.
På ein stor nordisk konferanse for skriveforsking i Trondheim nyleg uttalte statsråd Djupedal støtte til tanken om eit senter for skriveforsking. Og ein representant for Statoil slo fast: Arbeidsinstruksar må vere forståelege. Skriving er kompetanse.
Det er ikkje tilfeldig at ei fagspråkleg foreining representerer Torlaug Løkensgard Hoels for så vidt avgrensa virke i organisasjonslivet. No er ho drivande flink til å organisere, som dei har oppdaga i NFF, men bruker organisasjonstalent mest innafor Akademia.
Ho har vore medlem av Norsk språkråds strategigruppe for norsk som fagspråk. Sentralt her var faren for at engelsk tar over som bruksspråk på stadig flere område.
|
MÅLET: - Vi som no faktisk beherskar nynorsk, har eit ansvar for å bruke denne målforma og utvikle den vidare til fagspråk. |
Byen og målet
Ein hallingdøl i Trondheim – i denne byen har Torlaug budd det meste av livet, i sitt liv med språket, med målet. Målrørsla har ho tent som brukar av nynorsken.
- Vi som no faktisk beherskar nynorsk, har eit ansvar for å bruke denne målforma og utvikle den vidare til fagspråk. Det er meir enn berre eit språkspørsmål, det er eit kulturspørsmål.
Arbeidet
Elska av sine studentar, arbeidsjern – det er slikt som blir sagt om henne. Eit bilde: Ein kollega sjekkar mail utpå laurdagsformiddagen og finn ein som Torlaug sendte klokka åtte.
Så mye arbeid og tilrettelegging gjennom så mange år, det lover godt for eit framtidig Senter for skriveforsking.
Tekst Kjell Håve
Foto Mentz Indergaard |