Digitaliserar gamle folkedansopptak
(28.11.06, 17:18) Kulturnytt på NRK viste tirsdag kveld eit innslag frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Det handlar om Egil Bakkas filmdokumentasjon frå seksti- og syttitalet og overføringane av dette til digitale media. |
PIONERARBEID: Egil Bakka kan om ikkje lenge nyte fruktene, i digital form, av sitt pionerarbeid på sekstitalet. |
- Som student reiste eg rundt i landet med støtte frå Kulturrådet og filma folkedans med åttemillimeterkamera. Eg fekk finansiert reisa, men ikkje betre kamera.
Dette fortel professor Egil Bakka. Musikken måtte takast opp separat, Bakka brukte ein teknologi som var heller spesiell for desse åra: kameraet sendte eit signal til bandopptakaren for å sette den i gang.
No er Rådet for folkemusikk og folkedans i samarbeid med firmaet EB-videoprodukter i ferd med å digitalisere desse gamle opptaka, ei hovudoppgåve blir det møysommelige arbeidet med å synkronisere lyd og bilde.
|
MØYSOMMELEG GJENSKAPING: Ivar Mogstad (til venstre) og Bjørn Fjelnset arbeider med dei gamle opptaka frå åttemillimeterkamera. |
Nitid og møysommeleg
Originalane har vore fryselagra, så dei som arbeider med dei, har vel i noen grad levd i frykt for uopprettelege skadar, men det har gått bra. Egil Bakka hugsar det meste av dei tjueseks timane opptak av dans frå heile landet, der sytti-åtti prosent av alle norske kommunar er representerte. Så han kjem inn med hjelp i noen tilfelle av feilarkivering.
- Filmen har vorte overspelt via filmscanner, fortel Ivar Mogstad frå Rådet for folkemusikk og folkedans og Bjørn Fjelnset fra EB-videoprodukter. Og dei har måtta gå vegen om eit tidlegare format for filmredigering for å komme fram til digital lyd.
Dei har halde på eit par månader, og dei reknar med at vi får eit nytt årstal før dei er ferdige.
|
BERØMMAR RFF:Professor Georgina Wierre-Gore frå universitetet i Clermont-Ferrand er glad for at forskarar internasjonalt no kan få glede av dei gamle opptaka. |
Av internasjonal interesse
Professor Georgina Wierre-Gore frå Université Blaise Pascal i den franske byen Clermont-Ferrand er på eit av sine besøk på Rff. Hennar oppfatning er:
- Rådet for folkemusikk og folkedans er kjent for sitt nyskapande arbeid med undersøkingar av danse- og musikkformene i Norge, og dermed sin innsats for å gi dette historisk kontinuitet. No blir det og tilgjengeleg for eit internasjonalt nettverk av forskarar.
Etter nyheitssendinga på NRK klokka elleve i kveld kjem Kulturnytt som har eit innslag om dette arbeidet, og intervju med professor Bakka.
Tekst og foto: Kjell Håve |