Reodorprisen gjekk til Falanx
(29.11.06, 21:52) Onsdag kveld fekk NTNU-avleggaren ARM Norway Falanx Reodorprisen på to hundre tusen kroner for teknologisk nyvinning: ein 3D-brikke som nesten ikkje tar plass og nesten ikkje bruker strøm. - Det var veldig spennande, seier ein lukkeleg Mario Blazevic, dette var heilt utruleg. No er vi glade og på fest.
Med den brikken Falanx har utvikla, vil mobiltelefonar få ein banebrytande grafikk. Dette vart sagt under det storstilte direktesendte prisutdelingsshowet i kveld.
Og prisen vil styrke det teknologiske miljøet i Trondheim. Det vart ellers pressa inn mye trondheimsmerksemd på få minutt i sendinga.
Slik vart det seier for dei NTNU-studentane – Borgar Ljosland, Mario Blazevic, Jørn Nystad og Edvard Sørgård – som i 1999 valde å satse på ein ide heller enn sikre jobbar.
Av Kjell Håve |