MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kvalitet og avvik i utdanninga (28.11.06, 10:53)

Da NOKUT-komiteen var på NTNU, oppfanga dei misnøye med at studentar som har deltatt i evalueringsarbeid, ikkje veit om dette får betydning i det følgjande semesteret. Problemet, blant fleire, er drøfta i Utdanningsutvalet.

GEMYTTLEG: Upåklagleg stemning, brennbare tema – møtet vart leda av prorektor Julie Feilberg (i forgrunnen), ellers representert med ansikt er Annlaug Bjørsnøs, prodekan HF og Are Holen, prodekan Institutt for samfunnsmedisin.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har uttalt seg om NTNUs system for kvalitetssikring. No skal universitetet svare NOKUT, derfor var det i førre veke eit møte i Utdanningsutvalet.

Lykkelege eller tilfredse?
Om ikkje jakten på lykken, så tok ein iallfall opp korvidt folk var tilfredse, utmynta i substantivet studenttilfredsheit – eit begrep som har oppstått etter at studentar har reagert på at berre dei tilsette fekk uttrykke kor tilfredse dei var.

Begrepet vart problematisert: Ein bør unngå at det blir snakk om rein temperaturmåling. Ein må ta i betraktning opplevingar av nødvendig motbakke, identifisering av feil studie- eller utdanningsval, og ikkje minst om ein må ha vore i jobb ei stund før ein finn ut om ein var tilfreds i studietida.

Det vart vidare framheva at mange studentar er uengasjerte, og at det kunne vere vanskeleg å få studentar til å stille for eksempel i referansegrupper.

FRUKTBART ENGASJEMENT: Hjelper det om studentane deltar? Her er utvalets studentrepresentantar Nicolas Elvemo og Una Myklebust Halvorsen.
Kva er eigentleg avvik?
Utvalsmøtet gjekk til angrep på alt avvik. Det står ein gufs av ordet, men her vart det greitt konkretisert. Slik kan enkelte av dei som underviser, avvike:

Uakseptabel handtering av teknisk utstyr, lite eller ikkje oppmøte, feil innhald, statistisk grovt avvikande karakterprofil. Ein gjekk inn for avkryssingsrute for avviktilfelle.

Oppfølging er viktig
Om diskusjonen på utvalsmøtet er ein indikator, så er følgjande setning i NOKUT-rapporten heilt sentral: ”Studenter som har deltatt i evalueringer på slutten av semesteret, får ikke vite om disse har resultert i noe.”

Studentrepresentantane meiner at om ein student bruker av tida si til å vere med i referansegruppe og skrive rapport, så er det frusterande ikkje å få vite om dette har bidratt til resultat – i tilfelle kritikkverdige forhold ved ein lærar, vil ein gjerne sjå om vedkommande har forbetra seg når det nye semestret tar til.

Mangel på kontinuitet er eit problem for engasjerte studentar.

SKEPSIS: Kristian Seip (til venstre), prodekan for utdanning, IME, uttrykte skepsis over at lærarar måtte dra med seg evalueringar frå tidlegare semester.
Ikkje ei bedrift
På den andre sida vart sagt at det var uheldig om den som underviser, skulle dra med seg negative evalueringar, kanskje basert på eit tilfeldig grunnlag, inn i neste semester.

Det var skepsis mot å bruke tankegongar frå bedriftslivet, det kan komme i motsetning til den faglege friheita universitetslærarar har hatt.

Men signala frå NOKUT-rapporten går imot friheita i det lukka undervisningsrom.

Einig reint teknisk
Mot slutten av møtet kom det ellers fram misnøye med omsyn til den tekniske tilstanden til romma på Dragvoll – ein måtte få betre flyt på drifta og vedlikehaldet.

Her var alle einige: Der namnet er NTNU, må det tekniske verke.

Tekst og foto Kjell Håve

Sjå heile NOKUT-rapporten (PDF)
Tidlegare artikkel i UA
Sjå artikkel om emnet i Under Dusken