MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Verda er klar for NTNU-avleggar (5.12.06, 06:50)

Reodor-prisen er ein etappe på ferda mot verdensdominans. Det begynte i NTNUs første sivilingeniørkull, ved eit kantinebord på Gløshaugen. I 2001 såg Falanx-karane at det kom til å bli kamera og større skjerm på mobiltelefonen. Investorane såg ikkje like klart.

Verdsdominans er Borgar Ljoslands stadige påstand. Han og Mario Blazevic, Jørn Nystad og Edvard Sørgård grunnla Falanx i 2001 – saman med Roger Mæhlum, som ikkje er med lenger – men no er det ikkje Falanx, men etter eit oppkjøp i sommar ARM Norway, ein del av ARM-konsernet, som leverer design til prosessorane i dei fleste mobiltelefonane i verda.

VERDSDOMINANS: Med Reodor i hendene og oppskrifta på den rette grafikken er verda klar for (frå venstre) Borgar Ljosland, Jørn Nystad og Mario Blazevic, og Edvard Sørgard som ikkje var til stades ved fotograferinga.
Mario Blazevic forklarar: -Dei to andre som konkurrerte om Reodor-prisen, har fysiske produkt. Men vi er å ligne med arkitektar, vi teiknar innmaten.

Borgar Ljosland har ein annan vri og sammenlignar det med eit bakeri der ARM Norway leverer oppskrifter.

ARM er britisk og står for Advanced RISC Machines. Oppkjøpsummen er ikkje blitt offentleggjort, i media har beløp mellom 150 og 180 millionar vorte nemnde.

Ønska oppkjøp
For fem år sia var det ikkje snakk om slike pengar, men Falanx har hatt stipend frå Innovasjon Norge og investeringar frå IT-Fornebu. Så:

- I fjor fekk eg ei oppringing frå ARM, fortel Ljosland, nettopp da var vi inne i ei evaluering for framtida. Vi dreiv i eit teknologisk økosystem som gjorde at det var best med eit industrielt eigarskap. Vi fann ut at ARM måtte vere drømmekandidaten. Så ringte telefonen…

Heldigvis, eit ungt firma med ein usikker marknad trengte eit stort konsern med kompetanse og nettverk.

ARM var på si side nødt til å eige Falanx’ datagrafikk, som no altså kjem ut via Bakklandet og Storbritannia til heile planeten. Men først var det Gløshaugen:

Ville skape noe lokalt
- Vi møttes på NTNU, og vi tenkte i retning av å starte bedrift. Det måtte vere noe vi kunne gjere, noe spennande.

Det var ei drivkraft å ville skape noe lokalt.

Mario Blazevic fortel at dei fekk mentorar, slike som sa: flott ide, vi skal hjelpe dykk å realisere den. Han snakkar om Einar Aas, Institutt for elektronikk og telekommunikasjon, og Lasse Natvig og Letizia Jaccheri, båe på Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap.

Entusiastisk oppmuntring
Blazevic er klar på dei råd han vil gi studentar med idear: - Prøv å danne grupper, du kan ikkje gjere stort med ein ide aleine, og det er òg viktig å ha med noen som snakkar om noe anna!

Ein må ikkje kjøre seg inn i faste spor. Og ein bør starte i første eller andre klasse for å få tid til å prøve og feile.

Greiare for gründerar
Han er positiv til utviklinga ved NTNU, det er blitt mye enklare å realisere noe. Innovasjonssenter Gløshaugen har betydd særs mye.

- Det er heilt greitt å vere eit firma med høgteknologisk produkt i Trondheim, med NTNU, SINTEF og mange mikroelektronikkfirma.

No planlegg dei ekspansjon, ei dobling i løpet av eit år. Og i jula blir det vel feiring, det har dei ikkje hatt tid til sia dei fekk Reodor i hendene.

Tekst og foto Kjell Håve

Sjå tilbake på pionertida
Konsernets heimeside