NTNUs messestand framvist på Elektro
(7.12.06, 13:20) NTNUs messestand er tiltrekkande: utforma slik at den trekker publikum inn til detaljane. Og der blir folk bydde opp til interaktivitet. |
INTERESSE FOR EIGENARTA STAND: Messestanden vekker interesse allereie, om noen veker drar den ut på turne. |
NTNUs skal ut på turne i januar og februar til utdanningsmesser i ni byar over heile landet, med formål rekruttering. Her blir universitetets messestand med, og til saman om lag seksti studentar, fordelte på fire team. Dei er handplukka frå alle fakultet. Dette er folk med grundig kjennskap til eige studieprogram.
Stine Faugstadmo på Seksjon for rekruttering og opptak seier at dei vendte seg til reklamebyrået TIBE-T med ønske om attspegling av moment som å ta utfordring, og skapande universitet.
Snedig utforming
Dei fekk tilbake ein installasjon, eller ein stand, som er todelt, noe som reflekterer det som ofte blir oppfatta som NTNUs to sider: hovudbildet på den eine sida er ein heller kreativ, til dels makaber framstilling av eit folkeeventyr – på den andre sida får vi eit tilsvarande innblikk i ei romferd.
|
NTNU OG FANTASIEN: Roboten, guten og sommarfuglen – collage set i hop av eit utal enkeltfotografi. |
Etter at dette har vekt interesse, blir tenåringane – seinare forhåpentlegvis NTNU-studentar – trekte mot ein av fleire merkverdige figurar: ein gut og ein robot som spring, eit nanomolekyl, og ein satellitt. Det som trekker ein nærare, viser seg å vere at kvar figur er bygd opp av eit utal små fotografi med NTNU-motiv. Og når ein er så nært komen, blir ein merksam på at dei nærståande plansjane er fylte opp av heller små bokstavar sette i hop til ord som uttrykker myriadar av spørsmål frå alle fag. Desse skal dei unge da gjerne skrive svar på.
Det meste er opent
Den oppgåva kan jo attspegle slagordet: Ta ei utfordring, ta NTNU! Svært mange spørsmål er opne, dei innbyr til refleksjon og kreativitet. Og det gjeld ellers mye av det ein ser her. Kanskje til og med det tvikulturelle ikkje er så fastlåst: Folkeeventyret fortel om zoologiens herjingar, og romferda er kanskje eit modernistisk folkeeventyr. Ellers må desse to store bilda opplevast, dei ber om å bli fantasert omkring.
Dei store bilda er Geir Mogens verk. Maja Sterud har fotografert dei mange små som byggar opp collagane.
For dei som skal rekrutterast, blir det mye meir å sjå. NTNUs utstilling skal vere teknologisk: aluminiumsgolv, flatskjerm, oppheng i taket med logo i plexiglas.
|
STUDIEAVDELINGA HAR ANSVARET: Stine Faugstadmo (til venstre) og Catharina Lindheim. |
Å møte NTNU-studentar
Det viktigaste blir kanskje likevel møtet med studentane.
Catharina Lindheim, som er sjef for Studieavdelingas seksjon for rekruttering og opptak poengterer:
- Utdanningsmessene er ein særs viktig arena for vårt universitet. 118.000 var innom i vår. Vi når folk på alle alderstrinn i vidaregåande, dermed får vi den effekten at dei kan komme igjen neste år. Det har mye å seie at dei får møte våre studentar andlet til andlet.
Tekst og foto Kjell Håve |