God start for forskningssenter
(13.12.06, 06:21) Det var glissent på dei nye lesesalane då Universitetsavisa besøkte Dora. Dei tilsette er likevel godt fornøgde med det totale publikumsoppmøte den første veka ved det nye arkivsenteret. |
IKKJE REPRESENTATIVT: Slik såg det ut då Universitetsavisa besøkte den nye lesesalen 8. desember. I følge tilsette ved arkivsenteret brukar det å vera langt betre besøkt. |
Fjerde desember opna dei nye lesesalane på arkivsenteret Dora. Arkivsenteret er eit samarbeid mellom Statsarkivet, Interkommunalt arkiv Trøndelag, Trondheim byarkiv og Universitetsbibliotekets spesialsamlingar.
Den nye lesesalen er delt opp i tre deler, slik at har ein mulighet for å jobbe flere saman og å diskutere kjeldene i ein eigen lesesal for samarbeid.
Ein annen lesesal skal ha vanlig lydnivå, sokalla stille lesesal, medan den tredje inneheldt mikrofilmlesarar og PCar.
|
FORNØGD: - Me har fått kjempegod tilbakemelding frå publikum, fortel einingsleiar Hans Fredrik Selvaag ved Trondheim byarkiv. |
Seksti publikummarar på det meste
Einingsleiar Hans Fredrik Selvaag ved Trondheim byarkiv fortel om god pågang frå publikum den første veka. På det meste har det vore seksti besøkande ved senteret. Også byens studentar, spesielt arkitektstudentane, har vist seg å nytta det nye tilbodet, kan han fortelja.
- Men også studentar som er interessert i rettshistoriske dokument, som for eksempel psykologi- og sosiologistudentar, har vore innom her, opplyser Selvaag.
Førstekonsulent Tor Arne Granmo ved Trondheim byarkiv bekreftar dette.
- Me har god pågang, spesielt frå folk som driv på med tyngre prosjekt, og som treng god tilgang til grundig og omfattande arkivmateriale, seier Granmo.
|
STORT ARKIV: Det er ikkje reint lite historie ein kan finna mellom permane ved arkivsenteret. På denne rekka finn ein mellom anna kategoriar som ”Norske kongebrev” og ”Norske riksregisvanter”. |
Hans Fredrik Selvaag fortel om ein smertefri fusjon mellom dei forskjellige arkiveinigane, og har tru på stadig framgang også i framtida.
- Til no har det vore fantastisk bra. Utfordringa no vert å finna ut korleis me på tvers av einingane ska finna eit mest muleg smidig samarbeid, slik at det vert enkelt for publikum å få tilgang til opplysningar dei ønskjer. Mellom anna planlegg me å oppretta elektroniske skjema som folk kan nytta til å bestilla tilgang til materiale, fortel Selvaag.
Jordbruksareal på lesesal
Då Universitetsavisa besøker lesesalen fredag 8. desember i 11.30-tida er det forholdsvis glissent. I alt er det 60 lesesalsplassar fordelt på tre salar, men denne fredagsføremiddagen er det berre 5-6 brukarar som nyttar seg av det nye tilbodet.
|
DJUPDYKK I HISTORIA: Eilert Bjørkvik skal dokumentera historikken til den gamle bygda Stjørna. Då er det godt å ha tilgang til det rikhaldige materialet på arkivsenteret. |
Ein av dei er Eilert Bjørkvik. Han heldt på med eit bygdehistorisk prosjekt som skal omhandle den tidlegare sjølvstendige kommunen Stjørna. No vert denne delt mellom Bjugn og Rissa. Då UA er til stades er han i ferd med å undersøka korleis jordbruksareal blei brukt under krigen. Han er svært tilfreds med forskningsmuligheitene som eksisterer ved det nyopna arkivsenteret.
- Ja, kildemateriale me har tilgang til no er svært rikhaldig og godt, seier ein fornøgd historikar Eilert Bjørkvik.
Tekst og foto: Pål Vikesland |