Portrett: Ny redaktør i ”Dusken”
(13.12.06, 06:21) Rektors sambygding, Bjørn Romestrand, skal regjere i Under Dusken i året som kjem. Nå ja, dei er no vel helst sambygdingar i Trondheim no, dei to sunnmørekarane Digernes og Romestrand. Men begge voks opp i Ørsta på Sunnmøre.
Som nyhenderedaktør i Under Dusken dette siste året har Romestrand uroa rektor annankvar sundagskveld, men vil likevel ikkje seie at han kjenner rektor. Faktisk har han aldri møtt han ”face to face”.
Vil du møte Bjørn Romestrand og lære han betre å kjenne, kan du starte med å lese Universitetsavisas portrettintervju med han. Her finn du portrettet av Dusken-redaktøren
|